– Det var som om eit fly kom over hytta

– Det kom eit enormt brøl frå fjellsida, som frå eit fly, seier Øyvind Bjordal.

STORT: Raset gjekk på andre sida av dalen for Myrkdalen fjellandsby.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Bjordal sat med familien sin på hytta i Myrkdalen og såg på TV laurdag kveld då dei høyrde eit kraftig og ukjent lyd.

– Det var som om eit fly kom over hytta. Vi gjekk ut, og høyrde eit enormt brøl frå fjellsida på andre sida av dalen. Vi kunne høyre tre som knakk. Det stod på ei god stund. Vi kunne kjenne det i hytta, seier Øyvind Bjordal.

– Buldra godt

Raset gjekk på motsett side av dalen frå Myrkdalen fjellandsby. Bjordal trur det kan vere 300 meter frå fjellandsbyen og bort til rasområdet.

Berit Norheim var ute saman med ektemannen for å halde vatnet unna vegen då raset gjekk.

– Klokka var ca 22. Det buldra godt, seier Norheim.

Rasetgjekk i eit område som heiter Bygdadalen, ned mot Myrkdalselvi.

Traktorveg og skiløype

Det går ein traktorveg på denne sida av dalen, som er brukt som skiløype om vinteren. Det er ingen hus eller hytter i nærleiken på denne sida.

Berit Norheim har budd i Myrkdalen i 20 år.

– Det gjekk eit ras litt lenger ute for nokre år sidan. Men i denne delen av dalen har det ikkje gått ras så lenge eg har vore her. Men med ekstremdnedbør går det jo ras alle vegar, seier Norheim.

Publisert: