- Det er ikkje alt ein kan veta. Ikkje alt ein skal veta.Når var det sist du berre glei?

PS: Slepp taket.

STILLE NATT: Av og til er det meir enn nok berre å sitja på ein seglbåt og vera til.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Det var ein straum av gløymde kjensler. Bølgjer av blått hav. Bak oss, ei lita bygd. Framføre oss, open sjø.

- Sjå, der er Lindesnes fyr, sa kapteinen.

Han var stø i blikket. På landsida dansa vindmøllene i horisonten. På sjøsida, ei redningsskøyte på veg til oppdrag.

Guro Valland

Me hadde nettopp reist frå Farsund og klokka nærma seg midnatt.

Svisj, svisj. Krafta frå det vesle framseglet tok oss enkelt gjennom sjøen. Mannskapen låg no skeivt på rekkja. Lente oss med.

Himmelen var raud. Månen full. Og vinden på vår side.

- No er me oppe i seks knopp, kom det frå føraren.

- Sju, kom det raskt til.

Og eg, eg kunne ikkje anna enn berre å gli med.

Herleg.

Ein treng det iblant. Kvitta seg med kontroll og berre halda fast. Over bølgjer. Hav.

Sitja urokkeleg på ein båt. Veta at neste hamn er sju timar unna og det einaste du kan gjera er å venta.

Pakka seg inn i ull, fleece, dun og olje.

Lesa ei bok. Verta litt sjøsjuk. Eta pølse og lompe, og tenkja at det var verdas beste måltid. Vera stille — saman.

Leggja lagnaden i kapteinens hender. Ta andre val enn dine.

- Guro, ta tauet!

Det er ikkje alt ein kan veta. Ikkje alt ein skal veta.

Når var det sist du berre glei?

Det er ferie. Slapp av.

Her kan du lese flere PS-er fra Guro Valland:

Publisert: