Kystord til folket

Initiativet til å laga eit oversyn over ord frå kystkulturen er prisverdig, skriv Johan Myking.

I mars i år var storverket Norsk Ordbok fullført i tolv band etter meir enn 80 års innsats. Ordboksverket byggjer på materiale som i stor grad vart innsamla av frivillig arbeidskraft, bønder, lærarar og andre språkinteresserte frå heile landet.
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

**Hanne Sophie Greve,** med støtte frå m.a. BTs Asbjørn Kristoffersen og Peter Emil Kaland, har den siste veka slått til lyd for å få laga eit oversyn over ord frå kystkulturen før dette tilfanget går i gløymeboka. Det er eit prisverdig initiativ, men fullt så galen som dei vil ha det til, er stoda likevel ikkje: Sykkelen er oppfunnen, men han er for dårleg kjend.

iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Les også:

Les også

Er redd for at kystordene går i glemmeboken

I mars i år var storverket Norsk Ordbok fullført i tolv band etter meir enn 80 års mødesam innsats, dei siste femten åra med avanserte datamaskinelle metodar og ein stab som var høgt kvalifisert på internasjonalt nivå.

Ordboksverket byggjer på materiale som i stor grad vart innsamla av frivillig arbeidskraft, bønder, lærarar og andre språkinteresserte frå heile landet, og særleg frå 1930-åra og frametter. Slår ein opp i dette ordboksverket vil ein finna både landskugge, overrett (skompass m.fl.) straumvende og taul med gode definisjonar og dokumentasjon. Dei fleste orda som er innsende til BT dei siste dagane, står òg der.

Dette store ordboksverket er i høg grad «godkjent», men sjølvsagt kan ikkje alle dei 300.000 oppslagsorda få plass i dei meir hendige ordbøkene som er i dagleg bruk for praktiske formål, slik som Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Les også

- Nei, no skjin da! Sjå - dar har Anders'n jammen sant'n malt pikken sin kvit!

Initiativet er likevel viktig, og det er avgjerande at det ikkje stansar når BT om nokre veker misser interessa.

Eit ordtilfang er eit uttrykk for kultur, identitet og nedervd kunnskap, og alle initiativ som kan stimulera kjennskapen og bruken av tilfanget, er verdfulle. Det er denne språkinteressa som har lagt grunnlaget for all den innsamlinga av ord som har resultert i dei store språksamlingane ved norske universitet, og som ordbøkene spring ut av.

Det vil alltid finnast nye ord som bør registrerast, anten fordi dei er nylaga eller fordi dei av ein eller annan grunn ikkje har vore innrapporterte tidlegare. Dette er kulturarbeid og kulturvern som eit stort publikum har interesse for og glede av.

Dei store ordboksverka dekkjer ikkje alle behov. Det Greve ønskjer seg ser ut til å vera meir tematiske oppslagsverk, nærare fagordbøker, og ho nemner fag som fiskerinæring og oljesektor. Dette er ein god idé, for mange slike ordbøker er det bruk for, og dei må lagast med supplerande materiale og til dels med ei anna systematisk organisering enn det ein finn i dei store ordbøkene.

Les også

Molly bur her på skykkjeskukkjen

I den marine hovudstaden Bergen vart det på 1980-talet utvikla terminologi for oljesektoren, og i den same byen sit det no ei gruppe høgt kvalifiserte spesialistar frå ulike forskings— og forvaltingsinstitusjonar og prøver å få i stand eit norsk maritimt ordboksverk. Dette har både oppdrettssektoren, fiskeriforvaltinga og havforskinga bruk for, og ein skulle tru det ville vera lett å få finansiering og støtte. Mine heimelsfolk fortel meg likevel - ikkje uventa - at det går trått: «Selv ikke hos Kystvakten fins det noe. Alt er inne i hovudet på den enkelte», skreiv omsetjar Ellinor Kolstad for nokre år sidan. Kva kan grunnane vera til denne miserable stoda?

Eg trur ikkje heilt på teorien om at kystens ordtilfang er forsømt på grunn av den høge statusen som bonde- og innlandskulturen har hatt. Kanskje har teorien ei viss forklaringskraft på andre område av kulturlivet, men ikkje på det språkvitskaplege. Som døma frå Norsk Ordbok viser, kan det henda at ordtilfanget som er knytt til «kysten» er betre dokumentert enn mange kanskje trur, men det kan òg tenkjast meir materielle forklaringar.

Storverket Norsk landbruksordbok (1979) kom i stand på grunn av det nære sambandet og den korte avstanden mellom Landbrukshøgskulen på Ås og ordboksmiljøet ved Universitetet i Oslo. Det kan vel òg henda at det var lettare å konsentrera seg om nedskriving og innsending av ord når du sat som kårmann på ein gard i lange vintermånader, men trass alt innandørs, enn om du måtte ut og ro fiske eller bøta garn i ei kald sjøbu i den same årstida.

Slike faktorar forklarer nok kvifor mange kyststrok lenge fall litt utanfor den kulturelle norskdomsrørsla rundt førre hundreårsskifte, den rørsla som bar fram interessa for nedervd språk.

Meir enn kulturell diskriminering trur eg det rett og slett handlar om ein svak kultur for organisering og finansiering, noko som i sin tur vitnar om sviktande forståing for verdien av ordboksarbeid og språk som kommunikasjonsverktøy. Grunnhaldninga er nok ofte at «dette med språket ordnar seg av seg sjølv».

Mange ordboksverk tek til som private hobbyprosjekt, og nokre kjem dessverre aldri lenger enn det. Den manglande forståinga for verdien i slikt arbeid er ikkje lokalt avgrensa og rammar ikkje berre ordbokssatsingar av typen Norsk maritim ordbok: Det høgt kvalifiserte fagmiljøet som stod bak Norsk Ordbok i tolv band er no oppløyst og spreidd. Dei store språksamlingane som var bygde opp ved Universitetet i Oslo, er nedlagde, og det vitskaplege arbeidet med samlingane er innstilt.

Men, i denne stoda er det kanskje lys i tunnelen, og kanskje kan Språksamlingane få ein ny vår. Som BT skreiv i eit stort oppslag den 20. mars i år, vert no heile dette materialet flytta til Bergen, der det skal forvaltast av Universitetsbiblioteket.

Det har faktisk gått ein trailer i skytteltrafikk over fjellet i fleire månader, og når Språksamlingane snart er ferdig flytta, ligg den grunnleggjande dokumentasjonen av norsk språk i Bergen. Bergen vert då faktisk det nasjonale sentrumet for slike arkiv. Dette gjev framtidsvoner, men òg fallhøgd, og store krav vert no retta mot vertsinstitusjonen.

Det gjev derfor styrke og motivasjon at høgskulane på Vestlandet har meldt interesse for å ta del i dette arbeidet.

Meir enn noko anna bør ein vona at slike initiativ som Greve, Kaland og BT har teke, kan utnyttast til å skapa motivasjon for ein dugnad - ikkje berre for «kystspråket» som lokal kuriositet, men for fagleg og vitskapleg utvikling av kystspråket i alle avgreiningar som tenleg kommunikasjonsverktøy.

Kan det hjelpa, så inviterer eg med dette Hanne Sophie Greve, Asbjørn Kristoffersen og Peter Emil Kaland til ei omvising i Språksamlingane etter sommarferien, når dei siste pallane med norsk språk er pakka ut!

Publisert: