Rekordår for Ausekarane

Over 17.000 har fått med seg Ausekarane sin sommarturné så langt. Søndag kjem striletrubadurane til byd'n igjen.

FRÅ KAI TIL KAI: Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av gjengen i Ausekarane spelar tre konsertar i Bergen på sommarturnéen sin.  FOTO: ODD NERBØ
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

— Dette er som eit cruise for oss. Det er så mykje flott å sjå på undervegs.

Bjørn Jensen er meir enn nøgd med årets sommarturné med Ausekarane. På telefon frå MS «Showtime» kan han melde om fine forhold i Sogn og Fjordane.

- Kva er Ausekarane i dag?

— Her i Auseland har vi ikkje alltid styr på tid og stad, spøkar Bjørn Jensen, og rådfører seg med resten av gjengen.

— Vi har visst akkurat passert Rutletangen, seier han.

- Hylande morosamt

Sidan 2010 har Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av Ausekarane reist frå kai til kai på Vestlandet med MS «Showtime» på sommarturné. I utgangspunktet var det planlagt om lag 30 konsertar til årets rundreise, men grunna stor etterspurnad, køyrer dei på med ti konsertar til. I tillegg til ekstrashow i Bergen tek ferjo også turen innom mellom anna Bøvågen og Samnanger.

- Kva har vore den artigaste konserten så langt?

— Her på ferjo er det gøy heile tida. Vi har det litt sånn intimt og revyaktig. Men vi har spelt litt på land også. På festivalen i Seljord var det kolossalt med folk. Sikkert tusenvis. Det var verkeleg ei heilt anna oppleving, seier han.

Ifølgje Telemarksavisa var det ein «hylande morosam konsert» der den halvgale gjengen ausa raust ut med vestlandsreferansar, ville historier og sine heilt eigne versjonar av kjende låtar.

Nord-Noreg neste?

Det har vore eit travelt år for Ausekarane. I vinter og vår hadde dei stor suksess med «Ausekarane går på land» på Ricks. Einar Engelstad gav showet terningkast fem og kalla førestillinga ein «festlig hyllest til ein utdøande kystkultur».

— Med showet på Ricks og dei mange konsertane på turneen i sommar, vert 2014 eit rekordår for oss. Det er nok vårt beste Ausekar-år nokon sinne, seier Jensen.

Ifølgje musikaren kunne sommarens turnéliste vore enda lenger. Ausekarane har fått fleire førespurnader frå stader dei besøkte i fjor, som ikkje er på turnélista i år. Dei har også fått spørsmål om å svinge turneen innom Nord-Noreg.

— Vi har ikkje spelt i den delen av landet før, men humoren er heilt rett for oss. Kanskje det er mogleg å få til neste år?

Jensen kan ikkje melde om skandalar eller store overraskingar

— Det einaste er at eg har hatt litt problem med stemma. Eg har oppspora halstablettar slik at stemma ikkje skal bli altfor hås.

Publisert: