Håpar dyreforsøk snart blir overflødig

DYREFORSØK: På dyreavdelinga til Universitetet i Bergen har dei 16 tilsette som passar på dyra. - Eg håper jo at det meste i framtida kan bli forska på utan å bruke dyr. Verda går framover, seier forskar og veterinær Aurora Brønstad.
  • Sjølv om eg ikkje trur det blir i mi levetid, håpar eg dyreforsøk vil bli utdatert ein gong i framtida, seier den nye ambassadøren for Universitetet i Bergen si dyreavdeling. Der har Aurora Brønstad ansvar for mellom anna 3000 mus.
  • Elise Løvereide
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Leiar for dyreavdelinga ved Universitetet i Bergen, Aurora Brønstad, har no blitt utnemnd til ambassadør for faktabaserte dyreforsøk. Avdelinga ved det medisinske— og odontologiske fakultet, har rundt 16 tilsette, som alle har ansvaret for å stelle dyra.

— Vi må vere godt bemanna for å ivareta dyra og å passe på at alt går føre seg slik det skal. Lova om forsøksdyr gjer at vi er strengt regulerte. Vi hjelper forskarar på universitetet, og gjev opplæring om bruk av forsøk på dyra, seier Brønstad.

På dyreavdelinga har dei no 6 minigrisar, 3000 mus og 500 rotter.

— Før har vi òg hatt vanleg gris. Sjølv om gris, rotter og mus er veldig ulike menneske, har kroppane deira ein del til felles med våre. Dei har nyrer, lunger og dei kan jo få kreft, som oss, seier ho, og legg til at vi dei har lang tradisjon for bruk av rotter til forsking.

DYRLEGE: Aurora Brønstad jobbar på dyreavdelinga til Universitetet i Bergen, der ho har ansvar for minigris, rottar og mus. - Dei får godt stell, forsikrar ho.

Forskar på etikken

Brønstad er utdanna dyrlege og er tilsett som forskar ved UiB. Når ho ikkje jobbar med dyr, gjev ho opplæring til andre forskarar. Ho har òg nyleg skrive to forskingsartiklar om etikken ved bruk av forsøksdyr.

— Det dreier seg om balansegangen mellom kost og nytte. Kan ein vege appelsinar mot eple? Har vi grunnleggjande argument som rettferdiggjer forsking på dyr? Det fundamentale er at vi alltid skal etterleve erstatning, reduksjon og forbetring. Det vil seie at dersom vi har andre alternativ, må vi alltid nytte dei framfor dyr, seier Brønstad.

— Korleis kan forsøka gå føre seg?

— Det kan vere veldig forskjellig frå forsøk til forsøk. Til dømes kan vi sjekke om rotta eller musa har ein genetisk disposisjon for å utvikle kreft, for så å gje dyret kreftmedisin. Men det kan også vere snakk om å indusere kreft for så å behandle dei. Nokre forsøk går berre ut på å observe dyra, eller å teste ulike diettar og verknad på sjukdomsutvikling.

Strenge krav til dyreforsøk

— Vil du seie at forsøka er dyremishandling?

— Det synest eg ikkje. Det er så gjennomregulert, både med krav til kompetanse og tilsyn. Vi blir ettergått i saumane frå så mange etatar, og samanlikna med klinikk tenkjer eg at dette er noko av det mest regulerte i landet. Men vi kan alltid bli betre, seier dyrlegen.

Forskrifta seier at dersom ein må bruke dyr, skal ein nytte så få som mogeleg, og gjennomføre forsøket med minst mogeleg belastning. Ein skal også leggje til rette for at dei kan gøyme seg, byggje reir, klatre og å ha eit normalt dyreliv.

— Det blir jo ikkje som i naturen, men dei skal ha det så bra som mogeleg, seier Brønstad, og understrekar at dei skandinaviske landa har lang tradisjon med strenge reglar rundt forsøksdyr.

— No går jo teknologien stadig framover. Treng vi dyr til forskingsforsøk i framtida?

— Vi jobbar kontinuerleg for avgrense bruk av dyr og for at det ikkje skal vere naudsynt med dyreforsøk i framtida. Verda går framover. For femti år sidan testa ein graviditet på dyr, og i dag kan vi kjøpe graviditetstest på butikken. Men når ein forskar på kroppen, finst det ikkje alltid alternativ til dyreforsøk. Det blir som å sjå i ei krystallkule, men i framtida vil nok mange dyreforsøk ha blitt erstatta med teknologi, seier Brønstad.

Les også:

Les også

Forsvaret får ikke skyte griser

FORSØKSMUS: - Skandinavia har lang tradisjon for å vere sterkt kontrollert rundt dyreforsøk, seier Aurora Brønstad. Rundt 3000 mus bur på Universitetet.

— Lite satsing på dyrefri forsking

Leiar i dyrevernorganisasjonen NOAH, Siri Martinsen, meiner det er satsa for lite på forsking utan forsøksdyr:

— EU-direktiva seier at ein skal jobbe målretta for å erstatte bruk av forsøksdyr, men det har ikkje blitt satsa økonomisk på dyrefri forsking, korkje politisk eller frå dei store forskingsinstansane i Norge. Trass i mangelen på midlar, har dyrefri forsking likevel utvikla seg godt dei siste tiåra, seier Martinsen.

Ho har sjølv utdanna seg til veterinær utan bruk av dyretesting.

— Ein treng ikkje ha ein muskel på bordet bordet for å lære at den reagerer på elektrisk stimuli ved å trekke seg saman.Dette kan dataprogram vise, og dyreforsøk i undervising er derfor heilt unødig. Forskinga heng etter når det gjeld satsinga på alternative metodar. Då professor Tore Aune utvikla ein alternativ metode for å teste om skjel inneheld gift, tok det over tjue år før det blei tatt i bruk. Metoden hans er i tillegg sikrare for menneske enn dyreforsøka, der forsøket er svært smertefullt for dyret, seier ho.

Les også:

Les også

- På dette området er Bergen verdensledende

— Dyreforsøk er ufullstendige

Martinsen meiner dyreforsøk gir dårlege resultat samanlikna med kombinerte, dyrefrie metodar.

— Ein må velje kva slags metoder ein vil utvikle og perfeksjonere. Resultatet frå test på dyr gjeld ikkje alltid for menneskekroppen. På forsøksdyr testar ein skadar, gift, operasjonsteknikkar og sjukdommar som gjev mykje smerte. Når Brønstad seier at det er regulert, så er det riktig, men det hjelper dyret lite - fordi innan reguleringa er lov å påføre store smerter.

Martinsen synest det er rart å samanlikne dyreforsøk med klinikkar.

— På klinikk skal dyra få det best mogeleg etter behandlinga, medan ein med forsøksdyr kan påføre smerte med vilje, og utfallet er at dei døyr. Det kan til dømes vere tester som gjev dei krampe, pusteproblem og balansesvikt. Dyreforsøk i seg sjølv er eit unntak frå dyrevelferdslova, seier Martinsen.

Les også:

Publisert: