Samla flasker for å få råd til heimreisa

FEKK IKKJE JOBB: Florin Valentin (til venstre) måtte sove i parkar den månaden han var i Bergen. Han meiner Nav ikkje eingong ville lese søknaden hans om å dekke heimreise til Romania.
  • Eg ville heim, men hadde ikkje råd til reisa, seier rumenske Florin Valentin. No får Nav krass kritikk frå Robin Hood-huset.
  • Elise Løvereide
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

EØS-borgarar har rett til å få søknadar om returpengar handsama, men Robin Hood-huset meiner Nav Bergenhus ikkje les søknadane dei får inn.

— Alle søknadar får individuell handsaming, svarar Nav.

— Dette har gått føre seg over tid og handlar eigentleg om korleis Nav møter hjelpetrengjande menneske, seier dagleg leiar i Robin Hood-huset, Marcos Amano.

Måtte overleve på søppel og flasker

Valentin (28) kom til Bergen 2. mai i år, då han i heimlandet Romania fekk høyre at det fanst arbeid i Norge. Han har elektrofag på vidaregåande skulenivå, men gjekk arbeidslaus i Romania i eit år før han drog til Bergen. Men her var det også lite med jobbar å få.

— Eg ville ha ei betre framtid og forsøkje å forsørgje foreldra mine. Eg kunne ta kva som helst jobb, men det fanst ingen, seier han.

Dermed måtte han samle flasker for å overleve. Om natta sov Valentin anten hjå Kirkens Bymisjon, eller i parkar der ingen gjekk.

— Eg ville unngå å måtte tigge. Eg likte ikkje å rote gjennom søppel for å overleve, men det var ingen annan måte å overleve på, seier Valentin.

Les også:

Les også

Tiggarar kan truleg få betalt heimreise likevel

EØS-borgarar i naud

I juni var han i møte med Nav for å få behandla søknaden om å få dekka heimreisa. Trass i at Nav er forplikta til å lese og vurdere søknadane frå alle som har lovleg opphald i riket, avviste dei å gjere dette, meiner Valentin, som korkje kan engelsk eller norsk.

— Han hadde søktom hjelp til å kome seg til Torp, derfrå ville han kunne klare seg sjølv,men dei vil ikkje lese søknaden hans. Dei kan ikkje vite kva naudssituasjon folk er i dersom søknadane ikkje eingong blir lese, seier Amano.

— Kva definerer du som naudssituasjon?

— Dersom dei ikkje har mat eller tak over hovudet, kan ein seie at dei er i naud. Sjølv om dei ikkje alltid vil ha rett på hjelp, har dei rett på å få søknaden handsama, seier Amano.

— Nokre vil innvende at ein som turist i Norge ikkje kan krevje å få dekka reisa. Kva skil desse frå turistar?

— Om dei er turistar eller ikkje er ikkje det sentrale her sidan desse menneska er i naudssituasjon utan mat og tak over hovudet. Det finst sjølvsagt innvendingar mot at ein skal få dekke heimreisa, også moralske, men Nav må ta omsyn til lovverket. Lova og forskrifta seier at alle som har lovleg opphald i riket har rett på råd og rettleiing frå Nav. Dei som ikkje er å rekne som busette i riket kan i særskilde høve ha rett på økonomisk stønad, seier Amano.

Les også:

Les også

Ber om tigger-svar fra staten

RUMENSK: Dette arket fekk Florin Valentin hjå Nav. Robin Hood-huset har ikkje oversikt over kor mange EØS-borgarar dei meiner har opplevd å ikkje få behandla søknadane sine.

Valentin vil ikkje lenger ha noko hjelp frå Nav. Han har samla flasker for å få råd til reisa frå Torp til Romania, men har førebels ikkje pengar til den 800 kilometer lange togturen frå flyplassen i București.

— Eg ville heim, men hadde ikkje råd til reisa. Eg vil ikkje forarge nokon, seier han. Etter ein månad i Bergen har han no dratt heim att, men det er uvisst om han har kome seg frå flyplassen til heimstaden i Romania.

19 personar vore til samtale om heimreise

Amano fortel at Robin Hood-huset har jobba opp mot kommunen sidan 2012 for å få ei avklaring på rettane til EØS-borgarar, som Florin Valentin.

I desember fekk ein rumensk familie heller ikkje dekka returreisa, og blei viste vidare til ambassaden i Oslo. I denne saka greip Fylkesmannen inn og omgjorde vedtaket frå Nav.

— Saka til Florin knyter seg til alle som oppheld seg i Norge på lovleg grunnlag. Dette er eit døme på uforsvarleg handsaming frå Nav si side, seier Amano.

Les også:

Les også

Det er naivt å tro at mennesker fra håpløst dårlige kår ikke skulle ønske å prøve lykka i Norge

KRITISERER NAV: Det finst sjølvsagt innvendingar mot at ein skal få dekke heimreisa, også moralske, men Nav må ta omsyn til lovverket, seier dagleg leiar på Robin Hood-huset, Marcos Amano.

Så langt i 2016 har Robin Hood-huset hatt 25 rådgjevingssamtaler knytt til behov for heimreise. Totalt har 19 personar frå Romania, Sverige, Marokko, Tyrkia og Uruguay vore til slike samtaler frå byrjinga av januar til byrjinga av juni.

16 av dei 19 var EØS-borgarar, som altså har rett på å få handsama søknaden om å få dekka reisa heim.

— Eg uroar meg for folk som er i ein naudssituasjon og får grunngjevinga frå Nav om at dei ikkje er norske, og dermed ikkje har nokon rettar. Som EØS-borgarar har dei jo det, seier Amano.

Han viser også til at Nav ikkje har lov til å gje munnleg svar på søknadar, slik Valentin seier han har fått.

Nav Bergenhus: — Vi handsamar alt vi får inn

— Vi handsamar alle søknadar vi får inn. Det er heilt framand for oss at Robin Hood-huset påstår noko anna, seier sosialsjef i Nav Bergenhus, Gitle Lunde.

Vidare fortel Lunde at alle søknadar får individuell handsaming.

— Det kom fire rumenske menn til oss, der tre av dei opplyste at dei ikkje hadde noko å leve av. Desse fekk naudhjelp i form av mat og flybillett til ambassaden i Oslo. Dei hadde sjølve billettar frå Oslo til Romania. Den siste mannen skulle reise heim frå Torp ei veke seinare. Vi forstod det slik at han hadde nettverk i Norge, og oppfatta at han ikkje trengde akutthjelp. Han leverte heller ikkje søknad til oss, seier Lunde om Valentin.

Ifølgje Lunde er det mange som ikkje leverer søknaden etter at dei har fått råd og rettleiing. Oftast er dette fordi dei forstår at dei ikkje kvalifiserer til å få hjelp.

— Men var ikkje mannen i ein naudssituasjon når han levde på flasker og søppel?

— Vi visste ikkje om dette, og fekk ikkje nokon søknad frå han. Mannen skulle reise ei veke seinare, og vi forsøkte sjølvsagt å kommunisere med han, seier Lunde, og legg til at det fort kan oppstå kommunikasjonsproblem i slike saker.

NAV: - Vi behandlar alle søknadar vi får inn, forsikrar sosialsjef i Nav Bergenhus, Gitle Lunde.

— Moralen i saka er politisk

— Vi nektar ingen å søke, og vi får hundrevis av søknadar frå EØS-borgarar kvart år, seier sosialsjefen.

Nav blir styrt av lova om sosiale tenester samt forvaltningslova, og Lunde understrekar at EØS-borgarar blir handsama som alle andre.

— Dette er ein vanskeleg situasjon, der moralen i det er eit politisk spørsmål. I ein naudssituasjon har ein rett på hjelp fram til ein kan forlate riket, men i prinsippet skal folk forsørgje seg sjølve, seier Lunde.

Les også:

Les også

De kom ut fra Nav, det så ut som de var bønnhørt

Vil møte Robin Hood-huset

Spørsmålet om Bergen kommune sitt ansvar for naudhjelp, blei tatt opp i bystyret onsdag denne veka.

— SV stilte spørsmål om Nav Bergenhus si handsaming i desse sakene, men det ligg nokre misforståingar her. Eg er trygg på at Nav sikrar alle sin rett til å få individuell vurdering. Vidare ønskjer vi å samarbeide med Robin Hood-huset for å gje eit verdig tilbod til menneske i naud, seier byråd i Bergen kommune, Erlend Horn (V).

Kommunen ønskjer derfor å møte representantar frå Robin Hood-huset for å planleggje tiltak, og forhåpentlegvis få desse på plass i 2017.

— Det ligg nok ein del kommunikasjonsproblem og misforståingar til grunn i denne saka. Alle har krav på skriftleg vurdering, men dei får også informasjon munnleg om at alle ikkje har krav på å få dekka heimreisa, seier Horn.

BYRÅD: Erlend Horn (V) trur det ligg eit potensile for misforståingar i denne saka. - Alle har rett på den same saksbehandlinga. Kommunen har eit lovmessig ansvar for alle som oppheld seg i vår by. Derfor vil vi også samarbeide om ei permanent løysing på dette framover, seier han.

Les også:

Les også

Tiggarar kan få dekket hjembillett

— Komplekst reglement

— EØS-reglane opnar for fri flyt av arbeidskraft. Også arbeidssøkjarar har visse rettar, men meir avgrensa enn arbeidstakarar, seier førsteamanuensis Christian Franklin ved det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Han peiker på at EØS-reglementet er komplekst, og at det sannsynlegvis er norsk rett – og ikkje EØS-reglane – som gjeld for kva vedtak Nav skal følgje.

— Viss det stemmer, er det rart å skulle avslå søknadar utan å lese dei, slik at ein ikkje veit kva naudssituasjon folk kan vere i. Men dette er nok regulert av norske regler om sosiale stønadar, ikkje EØS-retten, seier Franklin.

Les også:

Publisert: