Britanes val

Storbritannias utmelding av EU fører til stor uvisse i Europa.

MÅ RESPEKTERAST: Det er dramatisk at fleirtalet av britane no vil ut av den europeiske fellesskapen. Men det må respekterast, skriv BT på leiarplass. Foto: Reuters
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

EU og medlemslanda må ta på alvor den alvorlege tillitskrisa unionen er i. Det er dramatisk at fleirtalet av britane no vil ut av den europeiske fellesskapen. Men det må respekterast.

Britanes neisender EU ut i ei av sine aller største kriser. Knapt nokon hadde venta at resultatet av folkerøystinga skulle ende med at britane melder seg ut, som det første EU-landet i historia. Statsminister David Cameron går av som statsminister, men blir sitjande til oktober. Det er ei klok avgjerd.

  • Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen: EU har fått som fortent
    Storbritannia skal no i forhandlingar med EU om korleis landet skal vere knytt til unionen. EU er ein stor handelspartnar for britane, EU-medlem eller ei. Det er EU-skeptikarane som no skal forhandle om ei ny avtale. Det kan fort bli ei real oppvakning. Forhandlingar handlar som kjent om å inngå kompromiss.

Ingen kan seie sikkert kva som vil skje med Storbritannia, den europeiske økonomien, eller kva slags følgjeeffekt «leave»-sigeren får for andre EU-land. Marknadene reagerte fredag som venta med å sende pundet til sitt lågaste nivå på 35 år. Børsane fall over heile Europa. Dette er kortsiktige reaksjonar.

Ein skal vere forsiktig med å tolke resultatet som noko anna enn det britane faktisk vart bedne om å velje mellom: For eller imot framleis medlemskap i unionen.

  • Marvin Halleraker: Ministry of silly walks
    Men det representative politiske systemet slik vi kjenner det, er under press. Ikkje berre i Storbritannia, men i andre europeiske land og ikkje minst i USA. Veljarane er illojale. Partisystemet vart etablert i ei tid då klassestrukturen var avgjerande for kva ein stemte.

Slik er det ikkje lenger. I mange land er det ein avgrunn mellom veljarane og politikarane som skal representere dei. Det har bana veg for populistisk retorikk frå Donald Trump i USA, Marine Le Pen i Frankrike, Geert Wilders i Nederland og Nigel Farage i Storbritannia. Det er urovekkjande at det har gått så langt at Storbritannia no går ut av freds— og demokratiprosjektet EU.

  • Les også: Erna Solberg: - Varsku for EUs leiarar
    EU og medlemslanda må nå gjennom ei omfattande sjølvgransking. Britane har gitt klar beskjed om at dei er misnøgde med korleis EU fungerer og at unionen har fått for stor makt. Ei tilsvarande stemning finst i andre sentrale EU-land, som Frankrike og Nederland. EUs leiarar kan ikkje avfeie dette som populisme. Mistilliten må takast på alvor. EU har svikta i å handtere migrasjonsspørsmålet, og i mange delar av Europa er det høg arbeidsløyse og fattigdom.

Blant dei unge britane var det fleirtal for å halde fram som medlem av EU. Dei som skal leve lengst med torsdagens resultat, tapte altså. Det er eit paradoks, men gjev også håp for eit godt framtidig europeisk samarbeid.

Publisert: