Her er heile klassen frå ungdomsskulen

Han som alltid tok ordet. Ho som aldri vart valt i gymmen.

20080205bel0089_1e0ff2fk117ea1f1cb9km7ff3.jpg
Publisert: Publisert:
byline003.jpg
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Fuglebrettet utanfor kjøkkenglaset. Litt av ein stad. Synet kan minna om ungdomsskulen:Han som alltid tok ordet. Ho som ikkje brydde seg. Han som verkeleg ikkje trudde han fekk noko til. Dei som gjekk på butikken i friminuttet utan lov. Han som var suveren i gym. Ho som aldri vart valt. Dei som var tøffe i flokk, men redde åleine. Store, små, sjølvsikre, usikre og frekkasane.

Alt er på fuglebrettet. Den verdsvande dompapen dumpar ned på brettet, eig det så lenge han finn det for godt og synest alle andre er idiotar med vikeplikt. Den som prøver seg, blir jaga, bortsett frå ein og annan frekk fink som finn det for godt å nappa til seg nokre frø bak ryggen på dompapen.

For ikkje å snakka om den forskremde, usikre blåmeisen, som med eit kjapt «unnskyld» så vidt nappar litt fast food i fart og smett opp på næraste grein, før dei andre har merka noko. Spettmeisen entrar med stil og eleganse, helst trippande nedover stammen på bjørka like ved. Det er nesten så han fiksa sveisen før maten.

Gulsporven har hevd på havren i neket. Saman er dei sterke. Nåde den som naskar.

Og raudstrupen. Dette audmjuke gudsordet som finn mat på bakken. Når alle andre er ferdige og har gått.

Dei er der alle. Heile klassen. På eit brett.

Les flere av BT-journalistenes betraktninger:

Christian Lura:

Les også

- 80-talet var mitt tiår

Guro Valland:

Les også

- Det er noko herleg frigjerande å vera saman med andre nakne kvinner

Elisabeth de Lange Gjesdal:

Les også

Min mann måtte plutselig på jobbreise

Anne Grethe Dahl:

Publisert:

BT anbefaler også disse sakene