Telenor treng meir konkurranse

Konkurransetilsynets rekordbot til Telenor er godt nytt for norske forbrukarar og bedrifter.

PENGEMASKIN: Telenor gjekk med fem milliardar kroner i overskot i første kvartal i år. Her konsernsjef Sigve Brekke under framlegginga av resultatet.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Det mobilelskande norske folket har grunn til å vere nøgd når Konkurransetilsynet no har pålagt Telenor ei bot på 788 millionar kroner. Telenor skal ha lagt hindringar i vegen for opprettinga av eit tredje mobilnett i Noreg, og dermed stoppa ein konkurrent.

Telenor er usamd i at dei har brote konkurranselova, men har til no ikkje tilbakevist fakta i saka.

Som eit framhald av den gamle statsmonopolisten Televerket, er Telenor i ei særstilling i den norske mobilmarknaden. Dei eig eit av dei to fullt utbygde mobilnetta, og er totalt dominerande på den kabla infrastrukturen mobiloperatørane er avhengige av.

For å sikre konkurranse har styresmaktene pålagt Telenor å sleppe andre teleoperatørar til på Telenors nett. Då Network Norway byrja byggje ut eit tredje mobilnett i 2007 var dei i utbyggingsfasen avhengig av denne tilgangen.

Det skal Telenor ha utnytta, ved at dei i 2010 endra avtalen med Network Norway. I den nye avtalen vart prisen for bruken av Telenors nett redusert, samstundes som dei innførte ei avgift som auka med talet på kundar. Denne nye avtalen fjerna insentivet til å byggje vidare på det tredje nettet, ifølgje Konkurransetilsynet.

Skuldinga og bota byggjer mellom anna på dokumentasjon Konkurransetilsynet skaffa gjennom ein razzia i Telenors hovudkontor i 2012.

Les også

Telenor er ilagt et gebyr på syv millioner for kundekapring

På pressekonferansen torsdag la tilsynet fram to interne Telenor-epostar, som viser at Telenor bevisst forma ut avtalen for å stanse Network Norways vidare investeringar i det tredje nettet. Tilsynet meiner strategien var forankra heilt til topps i Telenor.

Telenor tener pengar som gras. I første kvartal hadde dei ein brutto driftsmargin på over 40 prosent. Inntektene frå norske mobilkundar åleine var heile 3,6 milliardar kroner.

I seg sjølv er det ein indikator på at konkurransen i den norske mobilmarknaden er for dårleg. Arbeidet Konkurransetilsynet gjer i denne saka er difor svært viktig, både for norske forbrukarar og for mindre aktørar som vil inn med nye, betre og rimelegare løysingar.

I tillegg til Konkurransetilsynet blir Telenor granska av både Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og Eftas overvakingsorgan ESA. Førstnemnde gav nyleg Telenor ei bot på sju millionar, medan ei bot frå ESA i verste fall kan bli på ti milliardar kroner, ifølgje Dagens Næringsliv.

Det står att å sjå kva Telenor vil svare på skuldingane. Viktigaste er likevel at bøtene og granskingane tvingar fram meir konkurranse. Det treng den norske mobilmarknaden.

Publisert: