Slottet må opne opp

Det er i Kongehuset si interesse å vere opne om korleis det brukar dei offentlege midla det får.

MÅ VERE OPE: Kongehuset må, som alle andre som tek i mot offentleg støtte, bruke pengane slik det er tenkt. Dei må også leggje fram rekneskap for alle delar av pengebruken.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Det må vere heilt klart at Kongehuset ikkje brukar pengane som skal drifte hoffet, til drift og vedlikehald av private eigedomar. Kongehuset bør leggje fram fullstendige oversikter over korleis dei offentlege overføringane blir brukt.

Det er ein praksis som gjeld for alle andre som får offentleg støtte.

I år tek kongehuset imot 230 millionar kroner i offentlege støtte. 20 av desse (apanasjen) skal dekkje private utgifter. Resten går til drifta av hoffet og dei offentlege oppgåvene til kongehuset. I avisaDagbladet kom det denne veka fram at kongehuset har brukt midla som skal gå til hoffet til på eigne private utgifter, mellom anna vedlikehald av privat eigedom. Det er i så fall i strid med Stortingets intensjon.

Dette har ikkje vore kjent for korkje Stortinget eller resten av det offentlege. Det kan ikkje halde fram. Kongehuset må, som alle andre som tek i mot offentleg støtte, bruke pengane slik det er tenkt. Dei må også leggje fram rekneskap for alle delar av pengebruken.

Eit slikt krav er ikkje urimeleg. Å krevje openheit rundt offentleg pengebruk handlar heller ikkje om ein er for eller mot monarki som styresett.

Det handlar om universelle prinsipp om at den som får pengar frå det offentlege, må kunne gjere reie for at dei er brukt etter intensjonen. Det er ikkje å mistenkjeleggjere nokon. Det er å følgje spelereglane.

Både Slottet sin kommunikasjonssjef Marianne Hagen og stortingsrepresentant Michael Tetzschner (H) meiner dette eigentleg er ein debatt for eller mot monarkiet, og at Dagbladet sin agenda er å avskaffe kongehuset. Det er ein total avsporing av debatten. Dagbladet driv journalistikk på offentleg pengebruk, og denne gongen er det kongehuset som blir sett i korta. Det er sikkert ikkje behageleg, men såpass må ein tole.

Ein kan innvende at offentlege pengar er offentlege pengar, og at det ikkje spelar ei rolle om Kongen har brukt hoffets gartnar til å klippe plenen på den private hytta Mågerø eller vaktmeisteren på Slottet til å male på private Kongsseteren. Er det så nøye?

Sjølvsagt er det det. Også Kongen har forskjellige roller, sjølv om han er statsoverhovud heile tida. Han og familien hans eig ei rekkje private eigedomar som det er deira private ansvar å ta vare på. Slottet sin kommunikasjonssjef sa til NRK denne veka at det er vanskeleg og heller ikkje spesielt effektiv tidsbruk å rapportere time for time om hoffets tilsette gjer offentlege eller private jobbar for Kongen.

Det er eit verkeleg dårleg argument for å ikkje vere opne om dette.

Kongehuset er ikkje omfatta av offentleglova. Det burde det ha vore. Openheit om bruk av offentlege midlar må gjelde alle, også kongehuset.

Publisert: