Ny utfordring for Macron

Problema er ikkje over i Frankrike, sjølv om høgrepopulisten Marine Le Pen ligg an til å tape presidentvalet.

FØRSTE HINDER: Liberale Emmanuel Macron er klar favoritt til å bli ny president i Frankrike, etter han vann første runde i det franske presidentvalet. Men utan fleirtal i nasjonalforsamlinga vil han få problem med å få gjort noko, skriv BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Alt tyder på at sentrumsliberale Emmanuel Macron vil ta over som president i Frankrike. Søndag vann han første runde i presidentvalet, med 23,9 prosent av røystene. Om knappe to veker vil han venteleg slå høgrepopulisten Marine Le Pen i andre valomgang.

I så fall blir ikkje 2017 så dramatisk som mange frykta etter Brexit-avrøystinga i Storbritannia. Både i Nederland og i Frankrike vil då store fleirtal ha stemt ned dei høgreradikale. Med Macron som president i Frankrike vil òg EU som prosjekt gå vidare.

Valet i Frankrike viser likevel at problema i landet langt frå er over. Over 40 prosent av veljarane har røysta på dei to ytterleggåande kandidatane Le Pen og sosialisten Jean Luc Mélenchon. Som den einaste av dei tapande kandidatane vil Mélenchon så langt ikkje rå sine veljarar frå å røyste på Le Pen.

Les også

Le Pen: – Et historisk resultat

Macron er òg sjølv eit teikn på protest, sjølv om han var næringsminister fram til august i fjor. Han høyrer ikkje til i eit tradisjonelt parti, men ei meir uformell rørsle, En Marche! («Framover»). Men skal Macron få makt til å gjere noko med det franske samfunnet er han avhengig av fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Det inneber at En Marche! klarer å stille kandidatar i alle 577 valkrinsar til valet i juni. Fleire etablerte kandidatar frå Macrons gamle parti, det sosialdemokratiske Sosialistpartiet, har allereie meld si interesse. Det same gjeld kandidatar frå det andre store partiet i Frankrike, Republikanarane.

Men Macron krev at dei i så fall melder seg ut av sine respektive parti. Dessutan vil han at minst halvparten av kandidatane ikkje skal ha bakgrunn frå dei tradisjonelle partia. Brot med eit stivna politisk system er ei av Macrons flaggsaker.

Alt dette vil gjere det utfordrande for Macron å få fleirtal i nasjonalforsamlinga, sjølv om han skulle bli president. Utan eit fleirtal må Macron utnemne ein statsminister frå opposisjonen, noko som kan gjere det svært krevjande å få gjennom dei reformene som er naudsynt for å få fart på den franske økonomien.

Utan reformer vil problema og protestane halde fram. Ein eventuell siger til Macron i presidentvalet vil i så fall fort kunne bli eit oppspel til neste val. Der vil ein av kandidatane frå ytre høgre eller venstre stå klare til å ta over.

Publisert: