Sykkeltilbodet til Vy er for dårleg

At kvart tog på Bergensbanen berre har plass til fire syklar, er ein vits.

Etter fleire tiår med vanstyre, er det mykje som må rettast opp på Bergensbanen, skriv BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Å reise på sykkelferie med tog frå Bergen til Oslo er ikkje lett. Det fekk Jan Erik Kjerpeseth og familien erfare. Vy har berre plass til fire syklar for kvar avgang. I familien Kjerpeseth var det seks syklande.

Berre to avgangar i døgnet har plass til fleire syklar. Men dei er tilpassa folk frå Oslo på dagstur som vil sykle Rallarvegen, og er difor framme i Oslo halv eitt om natta.

Kjerpeseth har heilt rett i at dette er alt for dårleg. Mange ønskjer å reise miljøvenleg, og toget er i så måte det beste alternativet. Men då må togselskapa skjerpe seg.

I ein debatt på NRKs Dagsnytt 18 denne veka kom det fram at tilbodet på Dovrebanen ikkje er noko betre. Det er drive av den svenske jarnbanen, SJ.

Til liks med mangel på sovevogner, er mangelen på sykkelrom eit resultat av mange års vanstyre av norsk jarnbane. Det kan verke som konkurranseutsetjinga har sett litt fart i gamle NSB, som no altså heiter Vy.

I fjor haust bestilte dei åtte godt brukte vogner frå Tyskland, som skal gje både fleire senger og plassar til sykkel på Bergensbanen.

Neste sommar skal det difor vere plass til elleve syklar på kvar avgang. Det står att å sjå om det blir nok, men eit framsteg er det uansett.

Stortinget har vedteke at klimautsleppa i Noreg skal kuttast kraftig dei neste ti åra. Skal det lykkast, er det første bod å gjere det lettare og meir attraktivt for folk å ta gode, klimavenlege val.

Eit openbert grep i så måte er å auke kvaliteten og korte ned reisetida på toget mellom landets to største byar.

Viss konkurransen om togrutene i Noreg gjer at Vy høyrer meir på kundane sine, er det eit stort framsteg.

Stortinget bør sjølv følgje opp med å sikre at togmateriell, skjenegang og anna utstyr held ei moderne standard. Her er det eit stort etterslep.

Og sist, men ikkje minst: Reisetida på Bergensbanen må ned. Ringeriksbanen og ny Bergen-Voss må byggast, og det raskt.

Publisert: