Framtida for oppdrettsnæringa

Oppdrettsnæringa bør få vekse, men ikkje ved å senke miljøkrava.

LAKSEGRÜNDER: Oppdrettar Ola Braanaas i Gulen vil ha diskusjon om miljøkrava som blir stilt til oppdrettsnæringa. Det er kortsiktig tenkt, skriv BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Berre ein av tre toppleiarar i oppdrettsbransjen trur på regjeringas ambisiøse mål for veksten i næringa, viser ein ny rapport frå konsulentselskapet PwC. I Dagens Næringsliv tek oppdrettsgründer Ola Braanaas til orde for å slakke på miljøkrava. Det er kortsiktig tenkt.

Regjeringa har ambisjon om at produksjonen av sjømat skal auke til fem millionar tonn i 2050, nær fire gongar dagens produksjon. PwC meiner det er meir realistisk at produksjonen blir 3,3 millionar tonn.

Båe måla er hefta med stor uvisse, og utfallet er avhengig av at ein finn løysingar på problema med lakselus og tilgangen på fôr.

Ønsket til oppdrettarane om å auke produksjonen er høgst forståeleg. Prisane på laks er framleis høge, og næringa dreg inn milliardinntekter til landet. Men skal oppdrettsnæringa ha ei framtid, må veksten skje på ein berekraftig måte. Miljøproblema må løysast. Det er òg i næringas eigen interesse.

Mange ser heldigvis det, godt hjelpt av fornuftig politikk frå regjeringa og fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Gjennom eit såkalla trafikklyssystem, hindrar regjeringa vekst i område med luseproblem. Samstundes gjev dei næringa eit kraftig skyv for å finne nye løysingar, ved å dele ut såkalla utviklingslisensar. Desse har allereie ført til store investeringar i forsking og utvikling, av mellom anna lukka anlegg i sjø.

Les også

Regjeringen: Mer oppdrettslaks kan gi millioninntekter til kommunene

PwC-rapporten peikar ut lukka anlegg, i sjø eller på land, som det mest lovande i tiåra framover. Slike anlegg kan få bukt med alle miljøproblema næringa slit med: lakselus, rømming og utslepp. Sjølv om opne merdar framleis er billigast, har kampen mot lakselusa auka kostnadene kraftig. Det gjer nye løysingar meir attraktive.

Lukka anlegg er dyre, både å utvikle og byggje. Det kan forsterke utviklinga mot færre og større selskap. For å motverke dette er det viktig at teknologien, som blir utvikla med stort innslag av offentleg finansiert forsking, blir gjort tilgjengeleg for mindre oppdrettarar. I tillegg til å sikre veksten i oppdrettsnæringa vil ei slik satsing kunne styrke industrien rundt næringa, og skape nye eksportinntekter.

Laksenæringa har alt å tene på å betre sitt eige miljørykte. Då gjeld det å løyse eigne problem, framfor å krevje at samfunnet firer på miljøkrava.

Publisert: