Ikkje utsett abortdebatten

Abortnemndene er problematiske og må vurderast.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) bør raskt legge opp til ein debatt om abortnemndene.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Kvinner som av ulike årsaker ønskjer abort etter veke 12 må i dag møte i nemnd for å få dette innvilga.

Systemet er mykje omdiskutert og kritisert. Fleire skildrar det som ei ekstra belastning i ein allereie svært sårbar situasjon.

I vår tok difor fleire parti, mellom andre Arbeidarpartiet, til orde for ei endring av nemndsystemet. Ap ønskjer å avskaffe nemndene fram til veke 18 i svangerskapet, noko som betyr utvida rett til sjølvbestemt abort.

Les også

Få oversikt: Slik vil Støre-regjeringen endre Norge

Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum la fram Hurdalsplattforma førre veke. Her har Sp vunne fram i abortspørsmålet.

Det var difor venta at det etter haustens val ville bli ein debatt om endringar i abortlova. Men akkurat no er det uklart om denne diskusjonen kjem, og når det eventuelt skjer.

Aps regjeringspartnar Senterpartiet har ikkje ønska å utvide grensa for sjølvbestemt abort, og har vunne fram på dette punktet i regjeringsforhandlingane.

I regjeringsplattforma heiter det likevel at ein skal setje ned eit utval for å vurdere nemndsystemet og oppfølginga kvinner får.

Dette er ei uforpliktande og vag formulering. Jonas Gahr Støre (Ap) har heller ikkje klart å love når det skal skje noko i denne saka. Han ville gjort lurt i å få temaet på bordet snarleg.

Endringar i abortlova skal vere gjennomtenkte og oppe til grundig debatt. Det er difor klokt å legge opp til ei omfattande behandling i Stortinget, der alle parti får kome til orde. I slike saker er det fornuftig å skunde seg langsamt.

Det betyr ikkje at regjeringa bør eller kan vente med å starte debatten, slik ein kan få inntrykk av at dei no legg opp til. Det er avdekt så mange problem ved nemndene, at dei må vurderast. Ein kan ikkje oversjå historiene som kvinner har delt.

Førre gong abortlova vart endra var i 2019, etter at KrF kom inn i regjering. Då vart tilgangen til fosterreduksjon innskrenka.

Arbeidarpartiet har sjølv vore med på å drive opp forventningane om at ein abortdebatt skal kome. Dersom regjeringa ikkje reiser den sjølv, er det mogeleg at denne kan tvinge seg fram frå Stortinget. Det kan fort bli ein debatt med meir frustrasjon.

Abort vil alltid vere eit vanskeleg og sårt tema å diskutere. Det beste ville difor vere at regjeringa sjølv tar initiativ til ein debatt i ein lågmælt tone, der ein har respekt for at parti har ulikt syn i spørsmålet.

Erna Solberg (H) fekk mykje kritikk då ho gjorde abortlova til lokkemat for å få KrF inn i regjering. Men på same måte bør ikkje Støre la regjeringsforhandlingar stoppe ein abortdebatt som er ønska og står på trappene.

Publisert: