Kastrati-saka gjev håp om at toppfotballen skal bli meir tolerant
No bør klubbane bruke «jævla sopar»-saka til å gje både spelarar og støtteapparat god kursing i skeive spørsmål.
Av og til fungerer faktisk verda akkurat slik ho skal:
Sist søndag spelte Kristiansund fotballkamp mot Vålerenga i Eliteserien for menn. Undervegs i kampen ropte Kristiansund-spelar Flamur Kastrati «hald kjeft, jævla sopar» til Vålerenga-trenar Dag-Eilev Fagermo. Ordbruken fekk massiv kritikk.
Brann-tilhengjar Gjert Moldestad sit i styret i Norsk Supporterallianse og er sjølv homofil. Han sa til VG at «På samme måte som med rasisme, er dette diskriminering og hets».
Men så fekk altså historia ei vending.
For nokre dagar seinare stod fotballdommar Tom Harald Hagen fram som homofil. Hagen var sjølv med og dømde kampen mellom Kristiansund og Vålerenga.
Og etter at Kastrati sjølv har gjeve ei grundig orsaking for ordbruken sin, er han no blitt ambassadør for Salam, ein organisasjon som arbeider for skeive muslimars rettar.
Eliteseriespillerne innrømmer: Vanskelig å stå frem som homofil
Flamur Kastrati har sagt at han ikkje visste at uttrykket «sopar» er eit skjellsord for mannlege homofile. Det går det an å tru på.
På same måte som Kastrati fortente hard kritikk for ordbruken, fortener han tilgjeving når han bed om det.
Saka viser likevel at det trengst meir kunnskap om skeive spørsmål ute i fotballklubbane. Det har vore få og spede forsøk på å auke kunnskapen i ein del av samfunnet der det framleis knapt finst menn som er opne om at dei er skeive.
Kastrati blir ambassadør for skeive muslimer
Derfor bør Kastrati-saka vere ein vekkar. Innsatsen til Norsk Fotballforbund har vore langt frå god nok hittil. No bør alle delar av toppfotballen få skikkeleg kursing.
På kvinnesida er det heilt vanleg å vere open om at ein er lesbisk. På herresida er det nesten tyst.
I Bergen har Brann tidlegare gått i paraden under Regnbuedagene. På Stadion har ein kunna sjå regnbogefarga hjørneflagg og regnbogefarga kapteinsbind.
Dette viser gode takter. Branns-spelarane er rollemodellar, og slike symbol vil truleg gjere det lettare den dagen ein spelar vil kome ut av skåpet til lagkameratane sine.
No bør klubben bruke den siste vekas debatt til å ta initiativ til å gjere meir for at det skal kjennest trygt å vere open om legninga si i toppfotballen.
Slik kan fotballen vise seg som den rause og opne plassen den skal vere.