Folk over heile landet må få hjelp for psykiske plager

Det er ikkje nok berre å setje seg fine mål.

Helseminister Bent Høie (H) må sørgje for at ventetidene går ned i psykiatrien.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Psykisk helsehjelp i Noreg held ikkje mål.

Ein gjennomgang frå Riksrevisjonen viser problem over heile linja.

  • Kva behandling du får varierer etter kor du bur i landet, og mange kommunar manglar diverse behandlingstilbod.
  • Ventetidene er for lange.
  • Kommunar og poliklinikkar deltek for lite i forsking og tek ikkje i bruk ny kunnskap om behandling.

Dette er alvorlege, men ikkje overraskande funn. Terskelen for å få psykisk helsehjelp i Noreg er altfor høg, og har vore det altfor lenge. Dette kostar samfunnet vårt enorme summar, då menneske som burde fått hjelp raskt, i staden blir verre.

I 2014 sette regjeringa som mål at psykisk helsehjelp og rusbehandling skal prioriterast over andre helsetenester. Det skjer ikkje, ifølgje Riksrevisjonen.

Dei finn at psykisk helsevern blir nedprioritert i budsjetta. I tillegg er det for dårleg bemanning.

Les også

Tre tegn på at noen sliter på hjemmekontoret

Det er aldri nok berre å setje seg fine mål. Dersom det ikkje lønner seg å nå målet, vil det heller ikkje skje.

Helse- og omsorgsdepartementet får refs for ikkje å ha gjort meir, når dei i mange år har sett at målet deira ikkje blir nådd. Den kritikken er det berre å stille seg bak.

Ansvaret for psykisk helsehjelp er i stor grad delegert til kommunane og regionale helseføretak. Det er likevel Helse- og omsorgsdepartementet og statsråd Bent Høie (H) som har det overordna ansvaret.

Dei må no sørgje for at ventetidene går ned, at folk i ulike deler av landet får den same hjelpa, og at ny kunnskap blir spreidd ut til alle behandlarar.

Kvaliteten på dei psykiske helsetenestene må ikkje gå tapt i skvisen mellom stat og kommune.

Året som er gått har vore ekstra krevjande for mange. Koronakrisa har utan tvil hatt ein negativ effekt på den psykiske helsa til nordmenn.

Difor er det viktigare enn nokosinne at tilbodet blir utbetra. Det må bli lettare å få hjelp, og den må bli betre over heile landet.

Publisert: