Staten styrer mot endå ein it-skandale

Vend i tide. Det er inga skam å snu.

Helseminister Bent Høie (H) og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) bør setje seg ned og vurdere korleis it-kolossen i helsesektoren ikkje skal bli endå ein skandale, meiner BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Sist veke avslørte Aftenposten fleire alvorlege sider ved statens nye, store prestisjeprosjekt på it-fronten: Akson. Prosjektet skal etter planen sikre ei saumlaus overføring av helsedata mellom alle delar av helsevesenet. Har du først fortalt sjukdomshistoria di til fastlegen, skal informasjonen følgje deg gjennom heile systemet.

Tanken er god, men prosjektet har allereie blitt eit monster: I dag ligg prislappen an til å bli svimlande 22 milliardar kroner.

Det er Direktoratet for e-helse som styrer prosjektet. Eller: styrer og styrer. For Aftenposten har vist korleis ein av deleigarane i konsulentselskapet PwC har fått opptre på vegner av staten, samstundes som han har vore innleigd frå konsulentselskapet. Mellom anna vann PwC eit anbod på 75 millionar kroner etter at det hadde vore lyst ut i berre éi veke.

Aftenposten viser korleis den innleigde konsulenten har sete på alle sider av bordet, og mellom anna gjeve innspel til utforminga av anbodet firmaet hans etterpå vann.

Avisa dokumenterer at den innleigde konsulenten ved eit tilfelle blei omtalt som «avdelingsdirektør» i staten.

Les også

Podkast: Våren der ingenting gjekk som planlagt

Denne saka avdekker ein veldig uheldig samrøre, mogelege brot på anbodsreglane og ein overdriven konsulentbruk. Men problemet med Akson er langt større.

Tidlegare har vi sett korleis it-prosjektet «merverdiprogrammet» i politiet kosta ein kvart milliard før det blei skrinlagt. Då hadde åtti prosent av pengane gått til innleigd ekspertise. It-prosjektet som skulle modernisere Nav sprakk med fleire milliardar.

Våren 2017 melde NRK at utanlandske konsulentar hadde full tilgang til fleire millionar journalar hos Helse sør-øst. Leiinga i føretaket meiner konsulentane har hatt tilgang til sensitive personopplysningar, men ikkje journalar og ikkje i det omfanget NRK hevdar.

Gong på gong lanserer staten visjonar om eit it-system som skal «fikse alt» innanfor ein sektor. Prosjektet blir eit milliardsluk med store forseinkingar og høg konsulentbruk.

Staten kan ikkje ha all ekspertise sjølv. I mange tilfelle er det difor gode grunnar for å hente ekspertise frå private selskap. Men det må skje i ryddige former, utan dobbeltroller og med solid kostnadsstyring.

No må helseminister Bent Høie (H) og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) setje seg ned og vurdere korleis it-kolossen i helsesektoren ikkje skal bli endå ein skandale. Det er viktig at dei ikkje let det gå prestisje i denne saka, men lyttar til fagfolk i helsesektoren som bed om at bremsene blir sett på.

Helsesektoren har meir enn nok å ta seg til. Det siste dei treng no, er ein it-skandale på toppen av alt anna.

BT RETTAR: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at «utanlandske konsulentar hadde full tilgang til fleire millionar journalar hos Helse sør-øst». Dette blei meldt av NRK 3. mai 2017, men leiinga i helseføretaket har heile vegen avvist NRKs versjon. Setninga er no endra til: «Våren 2017 melde NRK at utanlandske konsulentar hadde full tilgang til fleire millionar journalar hos Helse sør-øst. Leiinga i føretaket meiner konsulentane har hatt tilgang til sensitive personopplysningar, men ikkje journalar og ikkje i det omfanget NRK hevdar.»

Denne rettinga blei gjort 20.07.20 klokka 14.08

Publisert: