Ja til «Vestlandet»

Naboane har ingen grunn til å kjenne seg krenka over namnet på det nye vestlandsfylket.

FOR: BTs sjefredaktør, Øyulf Hjertenes meiner valet av namnet Vestlandet er logisk. Det gjer ikkje BTs politiske redaktør, Frøy Gudbrandsen (i bakgrunnen)
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane vil gjere det lettare å flytte makta nærmare folket, frå staten til regionane. Det ville blitt endå lettare viss Rogaland og Møre og Romsdal blei med på laget.

Men det ville dei ikkje. Møre og Romsdal melde seg ut av den politiske integrasjonen på Vestlandet før samtalane var i gong. Rogaland var med på samtalene, men motviljen og tvilen blei til slutt for stor: Fylket melde seg ut. Fylket ville heller stå aleine.

Tilbake stod Hordaland og Sogn og Fjordane, dei to sentrale fylka i landsdelen reint geografisk. At namnet på den nye regionen blei Vestlandet, er logisk. Vestlandsidentiteten står sterkt i desse fylka. Dei var også dei einaste som ønska ein politisk integrasjon i landsdelen.

UEINIGE: BTs sjefredaktør, Øyulf Hjertenes og BTs politiske redaktør, Frøy Gudbrandsen er ikkje einige om Vestlandet er eit godt namn for det nye fylket.
Les også

Les Frøy Gudbrandsens begrunnelse her: Nei til «Vestlandet»

Namnet er ikkje det viktigaste i regiondebatten. Kjært barn kunne kledd mange namn i dette tilfellet. Det viktigaste er å byggje ein sterkare landsdel, med større politisk makt. Nettopp derfor er det slåande at namnevalet blir oppfatta som kontroversielt i nabofylka. Motstandarane i Møre og Romsdal og Rogaland burde vore meir opptekne av skeivfordelinga av makt mellom sentrum og regionar i Norge, og mindre opptekne av kva som står på eit vegskilt når du kryssar ei gammal fylkesgrense.

Motstanden mot Vestlandet-namnet er nok eit døme på at vestlendingen kan vere sin eigen verste fiende. Medan vi kranglar, sit endå eit statleg direktorat som burde vore flytta ut av hovudstaden og gnir seg i hendene. Dei slepp unna, denne gongen og.

Eg vil naturlegvis ikkje underkjenne at eit namn er ein identitet, og at alle skal ha respekt for dei kjenslene som eksisterer mellom Ålesund og Kristiansand. Men er det mogleg å be om litt mindre ømme tær? Er dette verkeleg eit problem?

Norge og fleire andre europeiske land valde å stå utanfor EU. Det gjer oss ikkje til mindre europearar av den grunn. Ingen nordmenn har grunn til å kjenne seg krenka over at eit europeisk forbund tok namnet «Den europeiske union». At Norge ikkje er med i unionen, er enkelt å forklare.

Slik er det også med «Vestlandet».

Publisert: