I to månader har eg gått med ein klump i halsen. Laurdag kom tårene.

Fredag møtte Fosse elevar frå Rinkeby og Tensta. Fleire burde lytte til dei.

Korleis skal eg forklare deg kor viktig Jon Fosse er i livet mitt? Det går ikkje. Men eg må prøve.

Publisert: Publisert:

For mange år sidan såg eg ei framsyning av Fosse-barneboka «Spelejenta» i gymsalen på Møllergata skole i Oslo. Skulen er heilt i landstoppen når det gjeld barn med ikkje-norsk bakgrunn. Korleis ville det gå når dei skulle spele ut ei bok av Jon Fosse – på normert nynorsk?

Det gjekk heilt strålande. Eg hugsar korleis ungane roleg flokka seg rundt ho som spelte jenta med den magiske fela etter kvart som ho møtte uro og hindringar. Det var ein varme der. Ei omsorg. Og nynorsken var heilt plettfri.

Eg fekk den same kjensla då vi fredag morgon var i Rinkeby for å sjå Jon Fosse møte elevar ved skulane i området. «Kära Jon» sa dei, før dei fortalde om kva bøkene hans hadde gjeve dei og viste fram nynorske dikt dei hadde skrive.

Ein meinte at forteljinga om Asle og Alida i «Trilogien» var jättebra. Ein annan fortalde kor overraskande det var å oppdaga at han forstod nesten alt. Ein tredje las eit dikt ho hadde skrive inspirert av eit Fosse-dikt.

Men det sterkaste var det dei hadde å seie om språket.

Les hele saken med abonnement