Bergen er ikkje ein god nok by for barn

Ei sklie, nokre disser og eit par stokkar. Det er det du finn på leikeplassen på Klosteret, som faktisk var blant dei nominerte til «Bergens beste leikeplass» for nokre år sidan.

Kvifor byggjer me så triste leikeplassar?

Publisert: Publisert:

«Ein liten alvorsprat: De kan ikkje tenke at nokre humpar skal gjere livet til barn gøy.»

Denne veka sa søskena Eivor Marie og Asgeir Lunde det som burde vore sagt for lenge sidan.

Dei har besøkt leikeplassar i nærområdet sitt på Kronstad, og i BT tok dei eit oppgjer med utbyggjarar, arkitektar og politikarar.

Det dei fann, er ikkje verdig å kallast leikeplass. Det er ei fornærming.

Sklier på cirka éin meter. Ein slags klatrevegg på 1.20. Og så humpar, då. Humpar i gummidekket.

Leikeplassane dei har testa er bygd i samband med nye bustadprosjekt.

Utbyggjarane har heilt sikkert hatt krav om å byggje dei. Men resultatet er så elendig at dei like gjerne kunne spart pengane.

Utbyggjarane er ikkje dei einaste som sviktar barna. Det gjer Bergen kommune også.

La oss berre seie det som det er: Bergen er ikkje ein god nok by for barn.

Det manglar gode leikeplassar. Leikeplassar som er ein attraksjon, kor ein familie kan bruke fleire timar. Ja, gjerne ein heil laurdag.

Her er i alle fall tre store problem:

Les hele saken med abonnement