Taylor Swift er i sin verdsherskar-æra

Med «The Eras Tour» har Taylor Swift blitt popstjerne på eit nivå som eigentleg ikkje skulle vore mogeleg lenger.

Difor er det så sterkt når ho tek den unge, naive versjonen av oss i forsvar.

Publisert: Publisert:

Eg hadde absolutt ikkje tenkt å okkupere TV-en med tre og ein halv time Taylor Swift den fredagskvelden.

Eg skulle berre sjå litt av starten, forsikra eg dei rundt meg.

Halvannan time seinare sat eg der, langt inne i min «Red»-æra. Med alle kjenslene utanpå kroppen.

Eg var ikkje åleine.

Fredag 15. mars kom Taylor Swifts konsertfilm «The Eras Tour» på Disney+.

I løpet av den første helga blei den 3,5 timar lange seansen strøyma 4,6 millionar gonger.

Turneen, som er den mest utbytterike i historia, held på enno. Om berre ein månad tar Swift over Europa.

Det er venta å ta heilt av. Landa ho besøker vil truleg få eit inflasjonshopp på grunn av alle dei tilreisande som flyr inn, bur på hotell og går ut på byen.

Til dømes kjem ein heil gjeng norske swiftiesswiftiesKallenamnet på dei mest trufaste fansa til Taylor Swift. til å forsake nasjonaldagen til fordel for sitt store idol i Stockholm 17. mai.

Konsertfilmen som no kan strøymast i dei tusen heimar, gjekk på kino nokre veker i haust. Til fulle salar.

«The Eras Tour» kan kanskje verke som ein ganske ordinær «greatest hits»-turné.

Men nei. Det er eit show som har gjort Taylor Swift til superstjerne på eit nivå som eigentleg ikkje skulle vere mogeleg lenger.

Ho som lenge berre var ei slags country/pop-jente som song om kjærleik og kjærleikssorg, er no spådd å bli ei viktig brikke i den amerikanske valkampen seinare i år.

I fjor blei ho kåra til Person of the year av Time magazine. Den første artisten som nokon gong er blitt utnemnd til det.

Som om ikkje det var nok, blei «Era» kåra til årets ord av Dictionary.com.

Fleire meiner Swift har gitt ordet ei ny betydning. Folk brukar det ikkje lengre om tidsaldrar, men om epokar i sine liv.

Internett er fullt av unge kvinner som kan fortelje at dei er i sin « ... era». «My party girl era», «my self love era», «my ME era», «my peace era» ... Ja, du kan fylle inn det som passar.

Swift på kinopremieren til sitt eige show.

Taylor Swift er i sin verdsherskar-æra.

Og underleg nok var det ei rekke uheldige hendingar som skulle føre henne dit.

Les hele saken med abonnement