Noreg rustar opp. Endeleg.

Noreg skal kjøpe minst fem nye fregattar. Her er KNM «Thor Heyerdahl» utanfor England.

Regjeringa tar inn over seg at me har ein livsfarleg nabo.

Publisert: Publisert:

Noreg skal skaffe minimum fem fregattar med helikopter, fem ubåtar og 28 andre skip.

Det er ei flåtefornying av historiske proporsjonar. Då USA bestilte 20 franske fregattar i 2020, kosta det 8,5 milliardar pr. stykk.

Det er den største satsinga i regjeringas framlegg til ny langtidsplan for Forsvaret.

Det blir dyrt, men det er prisen å betale for at Forsvaret er bygd ned over mange, mange år.

Mykje av satsinga vil gå til Haakonsvern i Bergen. Byen vår blir eit tyngdepunkt i Nato.

Langtidsplanen viser korleis dagens skip (til v.) skal fasast ut for færre typar nye skip og ubåtar (til h.).

Forsvaret er blitt trappa ned over mange år. Det er som å droppe å betale forsikringa fordi ein ikkje trur huset kan brenne.

Den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 har røska opp i følelsen av djup fred i Europa.

Det tok lang tid, men folk har endeleg forstått at det er farleg å undervurdere Russland. I dagane før den fullskala invasjonen var det mange som lo av åtvaringane frå USA.

Så invaderte Russland.

Det er like naivt å no tru at Vladimir Putin er ferdig med å krige dersom han lukkast med å ta Ukraina.

Regjeringa rustar opp fordi det er fare for krig.

Les hele saken med abonnement