Å boikotte Israel har gått frå stridstema til ukontroversielt på ein vinter

Illustrasjon: Tord Torpe

Årets MGP-vinnar bør halde seg heime frå Eurovision.

Publisert: Publisert:

Denne helga er det finale i Melodi Grand Prix. Trønderane i Gåte er storfavorittar. Eg har tvilt meg fram til at dei bør halde seg heime frå Malmö i staden for å gje Europa kulokk i mai.

Det finst argument for å reise. Ved å stå på scena i verdas største musikkonkurranse har artistar ein unik sjanse til å formidle musikken sin. Mange karrierar har teke av etter ein song i Eurovision, og det er ingen grunn til å skjemmast om det er Gåte vi sender til finalen i Sverige.

Å delta i verdas største musikkonkurranse er òg eit høve til å bruke røysta si mot krig og elende. Og kva vil det eigentleg føre til om Noreg held seg heime?

På den andre sida vil ein boikott frå eit land som Noreg nettopp kunne få merksemd og seie noko om kor grensa går.

Øydeleggingane i Gaza er enorme.

Les hele saken med abonnement