Det er ingen grunn til å frykte full krig mellom Nato og Russland no

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg vil truleg måtte samle alle medlemslanda i alliansen til krisemøte om kort tid.

Men missila i Polen må få konsekvensar.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

To menneske vart drepne då to missil landa i Polen tysdag kveld, seks kilometer frå grensa til Ukraina. Det er foreløpig uklart om båe er russiske.

Det kan vere at Ukraina har skote ned eit missil, som deretter landa i Nato-landet Polen.

I 2022 har det store fryktordet vore «eskalering». Og eit angrep mot Nato kan vere den mest katastrofale forma for eskalering.

Alliansen er basert på ein enkel logikk, som ein finn i Nato-paktas artikkel fem: Éin for alle, alle for éin. Ingen Nato-land skal vike éin tomme til ein ekstern fiende.

Alt dette verkar frykteleg skremmande no. Vil Nato måtte svare på dei russiske angrepa?

Svaret er truleg ja, men ikkje med militære angrep. Det er ingen grunn til å frykte full krig mellom Russland og Nato no.

Les hele saken med abonnement