Desperasjonen melder seg for Bybanen

Fleire parti jobbar no parallelt for å skrape saman pengar til bybanebygging. Frykta er at den siste meteren skjenegong er lagt i Bergen.

Fleire meiner det er «no eller aldri». Og dei tør ikkje stole på Christine Meyer.

Publisert: Publisert:

Denne veka var alle som bryr seg om samferdsel på Vestlandet samla på konferanse på Flesland.

På scena sto mellom andre byrådsleiar Christine Meyer (H), skuffa over at regjeringa ikkje gir pengar til bybane og Fløyfjelltunnel.

I salen byrja folk å le.

Det var ingen tvil om at regjeringa har lukkast å leggje skulda for Bybanens usikre skjebne på byrådet i Bergen.

Christine Meyer måtte tole å få mange kommentarar frå scena på samferdselskonferanse i Bergen denne veka.

Men skulddelinga er eigentleg ikkje så interessant. No er spørsmålet om nokon har interesse av å redde prosjektet frå ei uviss framtid.

Regjeringa har ikkje strekt ut ei hjelpande hand. I Nasjonal transportplan (NTP)Nasjonal transportplan (NTP)Regjeringas plan for samferdselsprosjekt dei vil prioritere i åra som kjem. vil dei ikkje prioritere prosjektet før Bergen har landa tunnelomkampen sin.

Meyer har gjort alt ho kan for å framstille tunnelutgreiinga som ein mindre hump i vegen, som ikkje treng forstyrre arbeidet med å byggje bybane vidare. Men svært få kjøper den, og fleire uroar seg for at Meyer ikkje har kontroll.

Difor blir det jobba med fleire alternative løysingar.

Måndag lanserte fylkesordførar Jon Askeland (Sp) ein versjon: å starte å byggje i andre enden enn planlagt. Altså i Åsane.

Meininga hans er å gi byrådet i Bergen tid til å styre på med tunnelutgreiinga, samstundes som spaden blir sett i jorda. Og det siste er det viktige. På denne måten startar bygginga, som vil krevje ein viss framdrift og sikre at det faktisk blir ein bane til slutt.

For har du byrja å byggje, gir du deg ikkje halvvegs.

Jon Askeland (Sp) har prøvd å finne ei ny løysing på bybanekonflikten i Bergen. Spørsmålet er om han får pengar til det.

Forslaget viste seg raskt å vere vanskeleg å vere imot. Viss ein vil ha bybane, bør all bygging vere ønska. Difor var både Bergenslistens Trond Tystad og MDGs Thor Haakon Bakke positive.

Berre på venstresida er folk meir avmålte. Det er det fleire grunnar til.

Les hele saken med abonnement