Utan elitar stansar Noreg

  • Asbjørn Kristoffersen
OSLOGRYTA: Det finst ein elite for eitkvart føremål. Dei trivst best i elitebydelane i oslogryta, skriv Asbjørn Kristoffersen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Du skal vera snill mot dei norske elitane. Mange av dei vil helst sleppa å bli kalla elitar. Det kan du forstå, om du kjenner nokon som kjenner tanta til ein av dei. Men folkestyre betyr at folk må styra seg. Nokon må styra folket. Elles går det gale.

Du synest kanskje du forstår ein god del. Du har greidd deg nokolunde bra her i livet, betaler skatt, brukar nettbank, har gjort deg kjend med den nye bloggarkroppen (silikonfri) til Sophie Elise. Katten kjem (som oftast) når du lokkar med nykokt torsk. Vel og bra, alt saman.

Men om du i ditt stille sinn tenkjer at når Brann er i eliteserien, må det vera nokså god plass i den norske eliten, tek du feil. Du veit kanskje ikkje kva du skal meina og tru om brexit og muslimar og Sophie Elises nye kropp og skilnaden mellom ei plattform og ein intensjon i regjeringsforhandlingane på Granavolden? Du er kanskje glad du slepp? Det er slikt vi har elitar til.

Det finst ein elite for eitkvart føremål. Dei trivst best i elitebydelane i oslogryta. Knapt nokon av dei røystar på Senterpartiet og Framstegspartiet. Det viser ei fersk gransking. Men somme elitar gjer opprør mot andre elitar. SV-sjef Audun Lysbakken drikk svart Narvesen-kaffi i ein ikkje-elitistisk bydel i Oslo, og seier han ville trekt i gul vest dersom han hadde vore fransk når han blir intervjua av Klassekampen. Du kan vera glad du ikkje er fransk.

Mange norske elitar er rikare på kultur og moral enn dei er på pengar. Så lenge folk røystar på Senterpartiet og Framstegspartiet, må nokon ta på seg oppdraginga av folk som er gamle og kvite og rurale og antielitistiske i hovudet. Det er for lenge å venta til dei skal døy ut. Kapitalistane er det verre med. Det er tettare mellom milliardærane her til lands enn det er heime hos Trump, men norske kapitalistar er mykje snillare enn amerikanske kapitalistar. Du kan vera glad du ikkje er amerikansk.

Dei som har vit, må bruka vitet. Utan elitar stansar Noreg. Du kan vera glad du er norsk.

Publisert: