Meyer gjorde det umogeleg å få pengar til bybane. No kan me krangle i ti år til.

Arbeidarpartiet er likevel den største taparen.

Publisert: Publisert:

Det blir ingen pengar til bybane mot Åsane.

Sjølvsagt blir det ikkje det.

Dei pengane ofra Christine Meyer og resten av Bergen Høgre for å få makta i fjor haust.

Etterpå har dei prøvd å ri to hestar. Her heime i Bergen har Høgre lova å vente på ei ny tunnelutgreiing. I Oslo har dei lova å bygge bybane så snart pengane kjem på konto.

Det har ikkje fungert.

Torsdag kunne BT skrive at regjeringa ikkje vil prioritere nokon pengar til bybane mot Åsane dei komande seks åra. Det er heilt i det blå når det kan bli aktuelt å byggje meir bane i denne byen.

Draumen om vidare bybanebygging i Bergen køyrer no inn i solnedgangen.

Bybanen mot Åsane var heile tida eit prosjekt med oddsen mot seg. Det er stort, dyrt og regjeringa har mykje anna dei også treng å bruke pengar på.

Med Meyers omkamp blei jobben med å skaffe pengar til bybanen ikkje berre vanskeleg, men umogeleg.

Ho serverte regjeringa ein grunn til å droppe bybanebygging på eit sølvfat. Det skal me alltid hugse henne for.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har gjenteke det fleire gonger, seinast til BT i dag: Det er for usikkert kva prosjekt Bergen eigentleg vil byggje.

For regjeringar har ikkje for vane å bryte inn og køyre over lokalt sjølvstyre i slike saker. Sjølv ikkje etter over ti år med krangling.

Var det ikkje for omkampen, ville regjeringa neppe våga å skyve banen såpass langt fram i tid.

Les hele saken med abonnement