Småbarnsforeldre frå Vestlandet blir sjeldan vare på Stortinget

Høgres nestleiar Tina Bru blei tobarnsmor i 2022. Fredag fortalde ho at ho ikkje tar attval til Stortinget neste år. Familien kjem først.

Må dei flytte til Oslo for å få det til å gå rundt?

Publisert: Publisert:

Fredag fortalde Høgres nestleiar Tina Bru at ho ikkje vil ta attval neste år. Ho vil ikkje binde seg til fire nye år med pendling, samstundes som ho har to små barn heime i Stavanger.

Nyleg fortalde leiar av finanskomiteen, Eigil Knutsen (Ap) frå Bergen, det same. Også han har blitt tobarnsfar sidan sist val, og kastar inn handkleet.

Begge to har hatt tunge verv på Stortinget, og på heimebane. Det er ingen spøk å vere vekke frå ungane sine, dei fleste av dagane i veka.

Difor er det svært forståeleg at dei vil finne på noko anna å gjere. Likevel er det synd.

Heile folket bør vere representerte på Stortinget. Men for småbarnsforeldre er det visst vanskeleg å representere frå andre stader enn Oslo.

Eigil Knutsen med sitt yngste tilskot til familien (og partikollega Ruth Grung), i fjor sommar.

Dei som har stått løpet ut med familie og stortingskarriere, har i alle fall ofte vore dei som har flytta heile familien til Oslo.

Som Erna Solberg og Audun Lysbakken.

Me skal ikkje skulde dei for å ha gløymt kor dei kjem frå. Likevel mistar du noko når du ikkje lenger bur i den valkrinsen du er vald inn frå.

Les hele saken med abonnement