Ei hyllest til oljearbeidaren

— Kvifor hyllar ingen oljearbeidaren. Kvifor skrik ingen no når titusenvis av dei mistar jobbane sine?

OLJEKRISE: Vi har kvite vidder og vi har svart olje. Problemet er at ingen kan leve av kvite vidder og ingen vil ha den svarte oljen, skriv Baste Daltveit. ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE
  • Statfjord C. Tillitsvald i fagforeininga SAFE.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

40 år med olje på dekk, olje på sjø, på kjeledressar og i andlet. Andlet som viser fleire tiår med historie i dei djupe furene. Dei fortel om eit liv og ein industri som har endra seg.

Baste Daltveit

Dei har etablert seg med kjerring og ungar. Sett ungar vakse opp, hatt konfirmasjonar ein skulle ha vore i, ekteskap som raknar. Furene i andleta lyg ikkje, på same måte som fjernsynet som heng på veggen. Fjernsyn som tidlegare berre viste svart/kvitt, skildrar no et samfunn med velferd. Berre sjå på 65-tommaren som heng på veggen, med eige surroundanlegg.

Det har vore streikar og lockoutar, trugslar og usemje. Men også mykje moro. Kollegaer har blitt kameratar, kollegaer har blitt kjerringar. Nokre av dei riktig gode kjerringar og.

Statoilsjefen:

Les også

- Det ville vært mer skadelig å ikke ta tak i kostnadsnivået

Vi har vore heldige . Tidlegare bønder og fiskarar er blitt oljearbeidarar. Rike oljearbeidarar. Sjølv om mange framleis driv med hesjing og slått som før. Dei set garn og teiner som om ingenting har skjedd. Fastlands-Noreg har ridd, ridd som om dei var kongar. Ridd på ei medgangsbølgje skapt av ressursar som har lege der i alle år.

For førti år sidan var Noreg eit land i svart/kvitt. Og nokre gråfargar. No fremstår nasjonen som ein regnboge. Vi har blitt rike. Søkkrike. Vi har så mykje pengar at vi ikkje veit kva vi skal gjera med alt.

Vi byggjer sjukeheimar i Spania, eig gater i London, vi har oppdrettsanlegg nesten i kvar ei bukt. Mor Noreg ropar etter meir, meir inntekt, meir velferd. Meir av alt, ja då bortsett fra utgifter.

På 1000-talet hadde vi vikingar som sytte for rikdom og velferd. På syttitalet hadde vi òg vikingar som starta det heile. Sjølve grunnlaget for vår velferd. Kameratar som betalte i dyre dommar for det vi no opplever. Nokre av dei med livet, andre med øydelagd helse. Samstundes som Mor Noreg berre ser framover og nærast berre børstar støv av skuldra som om det skulle vere flass.

Noreg er blitt engelsk . Noreg er for lite for dei beste. Jens Stoltenberg og Helge Lund har begynt å jobbe utanlands. Sjølv Thorbjørn Jagland har engelsk som arbeidsspråk.

Ungane våre har blitt digitale. Skal du ha tak i dei, bør du ha noko i handa med eit batteri i. Viss ikkje – gløym det. Gløym det på same måte som vi gløymer kva desse plastdingsane er lagde av.

Mørkt på Ågotnes:

Les også

Nå får 150 beskjed om at jobben ryker

Ingen vil ha bransjen vår. Men alle vil ha plast. Bransjen er ikkje berekraftig. Prøv å bere noko sjølv i desse dagar utan å bruke ein plastpose. Kor kjem all denne plasten frå?

Heile Noreg drøymer . Drøymer om hytte på fjellet, hytte ved sjøen og ein seglbåt større enn naboen sin, men kun dersom den har 4G-dekning og fjernsynskanalar.

Utkant-Noreg drøymer om hordar av turistar som skal leggje frå seg millionar av euro der dei fer i sine elektriske bilar eller aller helst syklar. Nokre av oss drøymer om enklare ting som livbåtar som verkar, helidekk som du kan landa på og eit regelverk som ein kan leve etter. Men det er ein draum. Folk lyt ha draumar.

Distrikts-Noreg i nord drøymer om arbeidsplassar, oljeselskapa drøymer om oljen som ligg der, medan naturrørsla drøymer om urørt natur og kvite viddar. Kvite viddar som har lege der kvart år sidan dei første vikingane fór av garde. Allereie den gongen innsåg dei at vi ikkje kan leve av kvite vidder åleine.

Mor Noreg er uroa.

BT på kommentarplass:

Les også

Har vi en energiminister?

På mange måtar er Noreg svart/kvitt. Vi har kvite vidder og vi har svart olje. Problemet er no at ingen kan leve av kvite vidder og ingen vil ha den svarte oljen. Slik har det ikkje vore dei siste 40 åra.

40 år og halvvegs i livet . Det finst knapt dei som endrar kurs radikalt om dei er halvvegs i livet. Mor Noreg vaklar, vaklar mellom dei siste 40 åra og dei neste. Ho undrar om ho skal leve av å eige gater i London, oppdrett av fisk eller leva av turistar. Eller om ho skal halde fram med det gamle; olje.

Oljen som har skapt eit levesett som svært mange i verda ikkje er i nærleiken av. Ipadar, Tesla-er, full barnehagedekning, flatskjermar, hytter og eit arbeidsliv med rettferd, kjem ikkje av seg sjølv.

Nokre har gått framfor og vist veg. Og nokre har betalt prisen med livet sitt. Mor Noreg ser seg ikkje tilbake sjølv om dei siste 40 åra kanskje er dei som har forma oss mest.

Noreg har kledd seg i blazer, dongeri og drikk caffè latte.

Publisert: