Vi treng gardsturisme på Vestlandet

På vakre Vestlandet ligg alt til rette for gardsbasert reiseliv. Kvifor er det ikkje meir av det?

BEREKRAFTIG FERIE: Gardsbasert reiseliv kan verte ei merkevare, og eit gode for alle som vil ha ein opplevingsrik og berekraftig ferie i vakker vestlandsnatur.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

For mange år sidan såg vi kong Harald bli intervjua på TV av amerikansk presse. Dei spurte han kva som var det aller, aller finaste å sjå i Noreg som turist. «Vestlandet» svarte kong Harald, og la til: «Der er det veldig vakre fjordar, fjell og fossefall». «Berre Vestlandet?» spurte journalisten. «Ja» svarte kongen.

Vestlandet er rett og slett uslåeleg når det gjeld flott natur. Du mister pusten kvar gong, ja, sjølv om du bur der fast. Men når det gjeld idylliske, små familiedrivne stader der du kan overnatte eller få store matopplevingar, stiller vi ikkje like sterkt. På andre pittoreske stader, som i Tyrol, Toscana eller på Island, har nokon sett potensialet og tatt tak i det, nemleg gardbrukarane. Her vil du alltid finne eit gardsbruk som tilbyr mat eller overnatting. Kor du kan sove i ein koseleg, ombygd låve og ete mat laga på garden. Nokre stader kjem du også i nærkontakt med husdyr. Sjølv om det også er slike tilbod på Vestlandet, er dei for få og for vanskelege å finne

Med alle våre naturperler og flotte turterreng skulle alt liggje til rette for å auke den landbruksbaserte gardsturismen. Bu midt oppi naturen, kanskje litt oppi lia, der suset kjem frå vinden i trea, og ikkje frå bilane på vegen.

Det burde også hjelpe at stadig fleire ønskjer naturopplevingar i samband med ferien, anten det er fottur eller fisketur, fjellklatring eller rafting. Det er òg fleire og fleire som får auga opp for dei gode opplevingane lokalprodusert mat kan gi, som sprudlande eplesider, sterke ostar og spanande pølser. Samstundes er miljø viktig, og ein biltur til Hardanger forureinar mindre enn ein flytur til Paris. Sykkelturisme er også flott i kombinasjon med overnatting på gard. Eit auka tilbod av gardsturisme på Vestlandet vil på alle vis vere eit gode for dei forbrukarane som ønskjer denne typen opplevingar.

Ein auka etterspurnad etter gardsbasert reiseliv er positivt for dei gardbrukarane som driv med denne typen tilleggsnæring. Undersøkinga vår syner at mange av dei har starta opp fordi dei er glade i garden sin, og ønskjer å halde fram med å drive han, aller helst på heiltid. Dei som lykkast med gardsturisme, kan auke innteninga såpass at dei kan slutte i dei jobbane dei har utanom og vie all tida si til garden. Som bonus fører oppstart med gardsturisme ofte til auka, og ikkje redusert jordbruksdrift og matproduksjon.

Les også

Bergen Reiselivslag anbefaler strippeklubb

Aktiv drift på garden er også attraktivt for dei urbaniserte gjestene, som får eit innblikk i korleis maten vi ete vert laga. Auka aktivitet og vekst i gardsdrifta kan òg føre til at fleire i familien kan leve av garden, eller at dei tilset folk. I distrikt der det ikkje er så enkelt å finne arbeid, og i ei tid med auka arbeidsløyse, kan slikt kome godt med.

Noko anna som er positivt med gardsturisme, er at det vert skapt verdiar basert på lokale ressursar. Vidareforedling av matprodukt er eit døme. Eit anna døme er det at dei tar i bruk eksisterande bygningsmasse, som står der og kanskje ikkje vert nytta til noko, etter at maten vart flytta frå stabburet og inn i kjøleskapet, og hestane i stallen vart bytta ut med traktor. Vakre bygningar med historisk verdi, men kva skal ein nytte dei til? Til å lage mat, sove og ete i. Når turistane kjem treng vi ikkje å byggje nye hotell og restaurantar og gjere enda fleire inngrep i den vakre naturen. Då er det betre å bruke det ein har frå før. Det gjer bøndene som startar med gardsturisme, 70 % av dei brukar eksisterande bygningar.

Kvifor er det ikkje meir gardsturisme her i landet? Det er mange årsaker til det. Dei som lykkast med gardsturisme er som regel glad i folk, og likar at det vert litt liv og røre på garden. Men ikkje alle er slik. Og det er ikkje berre å skulle sette seg inn i det som er av regelverk for bygningar, mat og hygiene. Eller alt papirarbeidet ein skal gjere før ein tar tak i arbeidet med å byggje om, leggje til rette og få ting på stell. For mange er krevjande og kompliserte offentlege godkjenningsprosessar ei stor utfordring. Mange meiner også at det er for lite kunnskap om næringa deira i det offentlege.

Nokre plassar i Noreg er det meir gardsturisme og gardsmat enn andre. Eit godt kjent eksempel er Inderøy i Nord Trøndelag, også kalla «Den Gyldne Omveg». Her ligg gardar med ulike tilbod på rad og rekkje, og turistane kjem i hopetal. Ein har forstått at nøkkelen til suksess er samarbeid, her som i Tyrol og Italia. Samarbeid om produktutvikling, innkjøp og marknadsføring, som gjer at ein sparer pengar, og vert meir synlege ute. I Hardanger har gardane på den såkalla «Siderruta» følgt denne malen og hatt stor suksess. Men det er førebels berre tre gardar. Det monnar ikkje så mykje, om målet er tyrolske tilstandar.

Les også

Forfør meg, norsk reiseliv

I område der gardsturisme er ein suksess, samarbeider dei også om nettsider der ein både kan utforske dei ulike tilboda og gjere bestillingar. I Noreg finn du god informasjon på nettsidene til Hanen, organisasjonen for gardsbasert reiseliv og lokalmat. Men du kan ikkje søkje på ledige datoar eller gjere bestillingar. Då vert det litt meir tungvint.

Vi vonar at det vil skje ting i det landbruksbaserte reiselivet no framover. Landbruks- og matdepartementet lanserte 19. januar si nye strategi for reiseliv basert på ressursane til landbruket og reindrifta «Opplevingar for ein kvar smak». Dei skriv at dei ønskjer å nytte meir av ressursane i landbruket i reiselivssamanheng, og har som hovudmål å auka verdiskaping for mat- og reiselivsaktørar i landbruket. Dei vil òg byggje opp tydelege identitetar og merkevarer for dei ulike regionane, basert på deira særskilde reiselivsprodukt, mellom anna matkultur. Det landbruket vårt har å tilby av mat, opplevingar og aktivitetar, skal bidra til å utvikle Noreg til eit attraktivt reisemål.

For å oppnå dette finst det ulike strategiar. Det offentlege skal mellom anna arbeide med å forenkle regelverk og rapporteringskrav som næringslivet må rette seg etter, og dei skal tilby relevante finansierings- og kompetansetenester til dei bedriftene som ønskjer vekst og auka lønsemd. Det skal også satsast på forsking og utvikling, og auka kunnskap og kompetanse. Samarbeid mellom næringsaktørar, offentlege styresmakter og forskingsmiljø er viktig, men verksemdene vert også oppmoda til å samarbeide med kvarandre.

Men for å få vekst i det landbruksbaserte reiselivet, er det ikkje nok å kome med strategiar, dei må òg følgjast opp, både av styresmakter, næring og landbruket sjølv. Berre då kan gardsbasert reiseliv verte ei merkevare, og eit gode for alle som vil ha ein opplevingsrik og berekraftig ferie i vakker vestlandsnatur.

Publisert: