Raudts moralske kollaps

Venstre vil stå krystallklart på demokratiet si side mot diktaturet.

Raudt, her representert ved partileiar Bjørnar Moxnes, ønskjer ikkje at Sverige og Finland skal bli medlem av Nato.
  • Stortingsrepresentant for Venstre
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ukraina kjempar akkurat no ein heroisk forsvarskrig mot ein invaderande diktatur-hær, styrt av despoten Vladimir Putin. Mot alle solemerke har Ukraina klart å stå imot og slå tilbake. Ei avgjerande årsak til det er at dei har fått omfattande våpenhjelp frå vestlege demokrati – medrekna Noreg.

Hadde partiet Raudt fått bestemme, hadde ikkje Ukraina fått slik våpenhjelp. Då hadde Ukraina vore overlaten til seg sjølv, i ein håplaus kamp mot overmakta. Putins styrkar hadde overtatt landet. Demokrati hadde blitt til diktatur. Og ein russisk bjørn som først hadde fått smaken på blod, hadde etter alle solemerke fått lyst på meir.

«Vi skal sjølvsagt samarbeide meir, ikkje mindre, i det fellesskapet av vestlege demokrati Noreg er ein del av», skriv Alfred Bjørlo.

Etter krigsutbrotet i Ukraina har våre naboland Sverige og Finland tatt følgjene av ei ny tid. Sverige og Finland søker seg no med breitt politisk fleirtal saman inn i Nato, slik at heile Norden no for fyrste gong står skulder ved skulder i same forsvarsallianse – saman med Europa elles, USA og Canada. Dei frie demokratia lovar å forsvare kvarandre mot diktaturet – ein for alle, alle for ein.

Også no seier Raudt nei. Dei vil ha Noreg ut av Nato, og ikkje sleppe Finland og Sverige inn. I Raudt si verd vil i praksis kvart enkelt land stå for seg sjølv – ikkje saman – mot ein aggressiv diktator i Kreml. I deira verdsanalyse er det enno USA og Vesten som har rolla som skurken, og Russland rolla som den gode naboen. For å sitere frå Raudt sitt stortingsvalprogram for 2021-2025: «Den sterkt auka militære aktiviteten frå USA og Nato i nordområda utgjør en trussel mot Norges viktige og gode naboskap med Russland.»

Les også

BTs Stig Arild Pettersen: Rødt er for frihet og solidaritet. Bare ikke for Finland og Sverige.

Då er det i og for seg logisk at Raudt også vil nekte Sverige og Finland å søke tryggleik i Nato. Også dei må jo forstå at ut frå ei sosialistisk verdsanalyse er diktaturet Russland «den gode naboen», og vestlege demokrati som søker saman, fienden.

Eg er glad for at eit overveldande fleirtal i det norske folk er dundrande ueinige med Raudt i denne absurde forståinga av verda rundt oss. Det er bra at det sosialistiske trollet kjem fram i lyset, og det er på høg tid.

Les også

Sofie Marhaug: Nato er ikke et solidaritetsprosjekt

Venstre vil stå krystallklart på demokratiet si side mot diktaturet. Vi skal stille opp for Ukraina – også med våpenhjelp. Vi skal vere tøffe og harde i våre sanksjonar mot Russland – for å strupe Putin si krigskasse og evne til å drepe og angripe.

Og vi skal sjølvsagt samarbeide meir, ikkje mindre, i det fellesskapet av vestlege demokrati Noreg er ein del av. I Nato, i og med EU – og med eit samla Norden. Finland og Sverige har gjort eit nødvendig val om Nato-medlemskap for å trygge si framtid. Det valet skal sjølvsagt Noreg støtte dei i. Når Stortinget skal røyste over om Finland og Sverige skal få bli med i Nato, vil Venstre røyste ja.

Raudt vil røyste nei, og demonstrerer sin moralske kollaps for heile verda.

Publisert: