Idioti utan grenser

Det er trist for den enkelte at dei viklar seg inn i slike konspirasjonsteoriar, men det er fritt fram å vera ein idiot.

Den islamske fundamentalismen og den radikale høgresida representerer begge eit totalt havari for fornufta, skriv innsendaren.
  • Professor, Dr. polit. Sosiologisk institutt, UiB
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Vi lever ikkje i den beste av alle mogelege tider, men mykje er bra; levealderen aukar, færre menneske lever under prekær svolt, barnedøden er kraftig redusert (mellom anna som følgje av vaksinasjon), og færre døyr i krig enn nokon gong før.

Vi lever i ei tid med opplysning, framsteg, og med stadig forbetring av den vitskapelege kunnskapen. Mykje er bra og blir stadig betre. Dette vil ikkje seia at alt er perfekt, og det vil det aldri verta.

Les også

Ivar Jørdre: «Kvifor dette sjokket? USA er ikkje eit fyrtårn for demokrati»

Det er likevel viktig å halda fast på ideane om fornuft, vitskap, framsteg, frigjering og demokrati. Også i pandemien si tid, under klimatrugslane og den nye postmoderne irrasjonalismen; som viser seg i dei mange alternativ-høgre grupperingane og den islamske radikalismen.

Felles for den islamske fundamentalismen og den radikale høgresida, er at desse representerer eit totalt havari for fornufta, og ein irrasjonell og fornuftsstridig tru på konspirasjonsteoriar.

Det røyner på tolmodet når folk utan kunnskap om menneske og samfunn, insisterer på å læra meg om korleis alt heng i hop, skriv professor Atle Møen.

Det er trist og tragisk for den enkelte at dei viklar seg inn i slike tankespinn, men vi lever i eit fritt samfunn, og det er fritt fram å vera ein idiot. Kvar enkelt kan tru på kva dei vil for meg. Men problema med desse menneska, er at dei ikkje slår seg til ro med sine vrangførestillingar.

Eg har merka meg at menneske med slike illusjonar og hjernespinn, absolutt må forsøka å overtala andre om at dei har ein slags eineståande innsikt. Det er ofte ein omvendt proporsjonalitet mellom kunnskapskvalitet og overtalingslyst. Det synest for meg at dei som trur på desse idiotiske og absurde ideane, absolutt må få meg til å tru på det same sludderet.

Vi som er samfunnsforskarar må lære oss å omgåast diverse mytar om samfunnet, men det røyner på tolmodet når folk utan kunnskap om menneske og samfunn, insisterer på å læra meg om korleis alt heng i hop. Til dømes blir vi visstnok styrte av ei eller anna hemmeleg samanslutning, frimurarane, paven, vaksineindustrien, ein jødisk elite, FN, eller eit pedofilt nettverk. Det er ikkje grenser for denne absurde idiotien, og dei radikale tankefeila.

Dette kan vi til nød halda ut. Desse ideane sirkulerer for det meste i parallelle samfunn, slik som Document.no, Resett, hjå nokon desperate eks-politikarar, og innanfor tanketomme ekkokammer, der irrasjonaliteten vert forsterka og når farlege høgder.

Det er sørgjeleg at menneska som lever i bobla, eller ekkokammeret, ikkje er klar over det sjølve, nett slik ein gullfisk ikkje er klar over at den bur i ein bolle. Det finst ingen utveg til å justera denne tankeforvirringa, slike menneske er fanga innanfor desse tankespenna.

Det er tragisk nok, men i og med dette finst mest innanfor ekkokammera, slepp vi andre å høyra desse meiningane i dei offisielle redaksjonsstyrte media.

Menneska som trur på konspirasjonsteoriar, veit ikkje sjølv at dei lever i eit ekkokammer, nett slik ein gullfisk ikkje er klar over at den bur i ein bolle, skriv innsendaren.

Den største faren med denne nye irrasjonalismen, er at desse absurde tankespenna er eit trugsmål mot demokratiet og ein opplyst og rasjonell meiningsutveksling. Det er ein moralsk feil å surra seg fast i usanne idear.

Det er også, som vi nettopp har vore vitne til I USA, ein farleg kort avstand mellom ord og handling.

Les også

Rafto-stiftelsen: «Angrepet på Kongressen er dessverre ikke overraskende»

Det republikanske partiet har gradvis gått frå å vere eit politisk parti, til å verte eit ekkokammer for Trumps konspiratoriske tankespinn. Dei veit ikkje sjølv at dei lever i fiskebollen, og difor er det uhorveleg mange republikanarar som trur på Trumps illusjonar. Det er ingen tvil om at Trump sjølv trur på det, og difor kunne han mana fram storminga av Kongressen.

Ord blei direkte omsett til handling, og Trumps lygner skapte resonans og gjenklang hos den halvkriminelle, maskuline bermen av alternativ høgre- gjengar.

Dei fleste av oss har visst lenge at Trump er ein narsissistisk tyrann, men vi hoverer ikkje over dette. Men eg veit ikkje om eg skal le eller grina over at det enno finst nokon som forsvarer Trump, også her i byen. Sjeldan har vi fått ein meir uhyggeleg demonstrasjon på at vi har eit moralsk ansvar andsynes å tenkja fornuftig og avvisa irrasjonelt tankespinn.

Det republikanske partiet har gradvis gått frå å vere eit politisk parti, til å verte eit ekkokammer for Trumps konspiratoriske tankespinn, meiner innsendaren.

Vi lever i ei tid med store vitskaplege framsteg, men denne vitskaplege rasjonaliteten kan brått slå over til nye mytar, eller svært urovekkande former for animistiske, magiske og mystiske verdssyn.

Innanfor globale nettverk av kunnskap, sirkulerer også dei mange konspirasjonsteoriane, eller den primitive og opphavlege animismen, der verda er besjela av gode og vonde ånder, der det mest av alt står hemmelege samansverjingar bak alt som skjer i verda.

Innanfor dagens informasjonssamfunn finst det uendelege mengder med kunnskapar, og eit mangfald av ekkokammer som kan setja informasjonar saman til kreative illusjonar, vrangførestillingar og konspirasjonsteoriar.

Publisert: