Var det dette dei ville?

Vi får håpa det ikkje går troll i orda til Pep Guardiola, eit av dei største symbola på den katalanske sjølvstenderørsla.

PROTEST: 10. juli 2010 protesterte meir enn ein million i gatene i Barcelona.
  • Forfattar av boka «Draumen om Catalonia». Tidl. førsteamanuenis i spansk ved NHH.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

– Dette er ein trist dag for Europa, for verda og for demokratiet. Eg håpar at det Rajoy no har gjort, ikkje fører til valdelege samanstøytar i Catalonia.

Dette sa fotballtrenaren Pep Guardiola etter at det spanske regjeringspartiet, det konservative PP (Partido Popular) tok initiativet til å nytta § 155 i den spanske grunnlova, noko som vil kunna føra til at Catalonia blir sett under administrasjon og får sjølvstyret sitt kutta på viktige område.

10. juli 2010 blei eg merksam på kva styrke som ligg i den katalanske sjølvstenderørsla. Den dagen protesterte meir enn ein million i gatene i Barcelona mot avgjerda til den spanske forfatningsdomstolen om å annullera 41 av dei 223 paragrafane i dei sjølvstendestatutta som 73 prosent av dei katalanske veljarane hadde røysta for i 2005.

Grunnen til at forfatningsdomstolen i det heile tok opp desse statutta, var at PP – den gongen i opposisjon, frå 2011 i regjering – alt 31. juli 2006 hadde kravd å få annullert 128, godt og vel halvparten, av paragrafane. Domstolen erklærte også at referansane i den katalanske språklova til «Catalonia som ein nasjon» og «den nasjonale realiteten Catalonia» ikkje hadde lovs kraft.

Les også

Mannen som vil splitte Spania

Kamp for demokratiet

Catalonia blei sett på som kan henda den viktigaste regionen i kampen for demokrati i Spania frå rundt 1960 av og fram til Franco-diktaturet gjekk i grava saman med diktatoren i 1975. Den kulturelle motstandsrørsla var openberr, den politiske var meir underfundig, men i tilfellet munkane på Montserrat-klosteret var det klart at dei både gjennom skrift og tale tok kraftig avstand frå diktaturet sin nasjonalkatolisisme, som i mangt og mykje la politisk styring inn under den gjeldande religiøse ideologien.

Overgangen frå diktatur til demokrati i siste del av 1970-talet blei prega av at ein for alt i verda ville styra unna konfliktane som hadde ført til borgarkrigen (1936–1939) og det lange Franco-regimet (1939-1975). Grunnlova frå 1978 fekk eit klart preg av konsensus mellom ulike politiske grupper og delte Spania inn i 17 autonome regionar, i eit system som ikkje var fullt ut føderalt, men som den gongen, og i mange år etter, såg ut til å gjera dei ulike regionane til lags, også dei såkalla historiske regionane, Baskarland, Catalonia og Galicia.

SYMBOL: Fotballtrenar Pep Guardiola, no i Manchester City, tidlegare i Barcelona.

Diskusjon om meir sjølvstende

Men ting endrar seg, også i politikken. Demokratiet var konsolidert då det rundt 1990 kom krav om fornying av dei autonome statutta. Mange regionar fekk fornya statutta sine. Mest problematisk blei det med dei som ville gå lengst, Baskarregionen og Catalonia. I starten av det nye tusenåret kom Baskarregionen med Ibarretxe-planen, som gjorde framlegg om ei fri tilknyting av Baskarland med Spania, der dei to skulle stå på like fot og der ein også inkluderte ein eventuell sjølvråderett for baskarane. Planen var inspirert av Puerto Rico sin status innan USA og av diskusjonar om suverenitet i Canada. Ibarretxe-planen blei bryskt avvist i 2005 og ikkje eingong diskutert i det spanske parlamentet.

På den tida, i 2005, diskuterte også katalanarane ei fornying av sjølvstendestatutta. Desse blei godtekne i ei folkerøysting og av det katalanske Parlament. Som nemnd over, tok det ikkje lang tid før opposisjonspartiet PP kom med sine klagemål til forfatningsdomstolen. Domstolen si avgjerd i 2010 provoserte ikkje berre katalanske styresmakter, men også mange katalanarar, spesielt dei som var for sjølvstende frå Spania. Også mange som ikkje sympatiserte med sjølvstende reagerte, og i åra etterpå kom det ein auke i talet på tilhengjarar av sjølvstende, frå rundt 30 prosent av det katalanske folket til opp mot halvparten.

Les også

– Prosessen som førte til at Noreg reiv seg laus frå Sverige, blir av somme rekna som eit politisk meisterverk. Det er noko liknande den katalanske regjeringa legg opp til.

Polariseringa i dag

Det er ikkje tilfeldig at det var PP som presenterte krav om annullering av store delar av forslaga til katalanske statuttar. Det andre store partiet dei seinaste tiåra, det sosialdemokratiske PSOE, har uttrykt vilje til å endra grunnlova i retning av eit meir føderalt Spania. Inntil for nokre dagar sidan var PP kontant avvisande til eit slikt framlegg, men har no sett døra på gløtt for det.

Som ein konsekvens av diskusjonane om nye statuttar, såg ei ny gruppe, Ciutadans («Borgarar») dagens lys i 2005. Gruppa stod fram først i Catalonia for å målbera dei som i regionen meinte at spørsmålet om den katalanske identiteten ikkje var den viktigaste i regionen, men at andre sosiale og økonomiske problem var meir presserande. Gruppa utvikla seg fort både i Catalonia og i resten av Spania, og er i dag godt representert både i det katalanske og det spanske parlamentet. Ciudadanos er i dag PP sin viktigaste allierte i kampen mot katalansk sjølvstende.

I tillegg til å diskutera rammer og vilkår for nye statuttar, har katalanske styresmakter i relativt lang tid fremja krav om ei såkalla ny skattepakt, meir lik den ein har i Baskarland og i Navarra. I desse to regionane rår ein over store delar av inntektene og avgiftene i eigne område, medan Catalonia sender mykje meir til sentralregjeringa enn dei får attende til drift og investeringar. Argumentet til styresmaktene i Madrid er at dei rike regionane må vera solidariske med dei som ikkje er fullt så rike. For så vidt eit fornuftig argument, hadde det ikkje vore for den sumpen av korrupsjon som PP er hamna i (Caso Bárcenas, Caso Gürtel, Caso Púnica).

Sosialdemokratane i PSOE vil ha eit Spania definert som eit fleirtal av nasjonar. Eit første steg for PP ville vera å følgje opp i praksis ein slik definisjon. Ein kan spørja seg om det partiet eigentleg har viljen heile tida er å ta frå katalanarane mesteparten av det sjølvstyret dei fekk i 1979. Vi får håpa det ikkje går troll i orda til Pep Guardiola, eit av dei største symbola på den katalanske sjølvstenderørsla.

Publisert: