Fellesdusjen bidreg til eit samfunnsproblem

Unaturlege kroppsideal har gjort det normalt å dømme andre sin kropp.

Andrea Teistedal Dyrøy er vinner av talekonkurransen «Ta ordet!» og elev ved Kongshaug musikkgymnas.
  • Elev ved Kongshaug musikkgymnas
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Dette innlegget vann fredag 18. november den nasjonale talekonkurransen «Ta ordet!».

I femte klasse blei det laga ei liste over kven av jentene i klassen som var styggast nakne. Den blei hengt opp i klasserommet, og dei jentene som vart kåra til å vere styggast, var dei som hadde fått pupper og som ikkje var syltynne.

Lista blei laga etter ein gymtime der me dusja. Fellesdusjane er eit problem. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde ikkje denne lista blitt laga.

Unaturlege kroppsideal har gjort det normalt å dømme andre sin kropp. Å slengje kommentarar om kropp i dusjane er ikkje uvanleg. Viss du har fått puppar på barneskulen, så er det rart. Men viss du ikkje har puppar på ungdomsskule, er det endå meir rart.

Det er stygt om du er for tjukk, men det er ikkje fint om du er for tynn heller, for då ser du berre sjuk ut. Uansett korleis du ser ut, blir kroppen vurdert utifrå urealistiske kroppsideal i fellesdusjen.

Idealkroppen kjem frå folk på nett som har tatt feittsuging, buttlift og fått sett inn silikon. Dette er ikkje den naturlege kroppen, og då ser sjølvsagt ikkje unge slik ut heller.

«Dei siste åra har talet på elevar som dusjar etter gym, gått drastisk ned», fortalde Andreas Teistedal Dyrøy i sin tale.

Lista som kåra dei som var styggast naken, påverka jentene i mange år etterpå. Ho som kom på førsteplass, fekk eit usunt forhold til kropp og mat. Jentene på 2. og 3.-plass hugsar òg godt korleis det var å vere kåra som dei styggaste naken.

Dei siste åra har talet på elevar som dusjar etter gym, gått drastisk ned. Elevar okkuperer toalettet for å skifte og vaske seg under armane. Og dei snakkar stygt om dei som vel å skifte opent i garderobane.

Halvparten av alle elevar på norsk ungdomsskular er ukomfortable med å vere naken framfor andre. Dei som dusjar i garderobane, risikerer å bli snikfotografert og få nakenbilete spreidd på sosiale medium.

Skal me verkeleg la risikoen for dette vere ein del av kvardagen til unge i Noreg? Eit argument for fellesdusjar er at ungdom i dag kan sjå naturlege kroppar.

Men viss ein må få ungdom til å kle av seg og dusje med folk dei kjenner seg utrygge med for å få sjå naturlege kroppar, er det eit samfunnsproblem.

Og eit samfunnsproblem løysast ikkje ved å bli tvungen til å vere naken.

Å setje inn båsar i fellesdusjen vil hjelpe mange, skriv innsendaren.

Det ideelle hadde sjølvsagt vore om ungdom i dag var nøgde med seg sjølv – og var sikker og glad i den kroppen dei har. At unge kunne dusje etter gym, utan å vere redde.

Men sjølvtillit kan ikkje bli påtvunge, og ein blir ikkje meir komfortabel av at nokon bestemmer kven du skal vere naken framfor.

Eg er for kroppsaktivisme som viser mangfald, men det må vere frivillig. Mobbing i fellesdusjen er ein ting som skjer. Det er ikkje nytt, og det har dessverre ikkje blitt noko betre.

Les også

Hva med en ny rumpe etter dagens shopping?

Dette problemet kjem ikkje til å forsvinne, men me kan betre situasjonen for alle skuleelevar i Noreg. Og få dei til å føle seg mindre dømd. Båsar i fellesdusjane ville gjort slik at fleire skuleelevar hadde turt å dusje etter gym.

Du sit kanskje no og tenkjer: Kva er det ho snakkar om? Skjønner ho ikkje kor dyrt dette kjem til å bli?

Rognan ungdomsskule i Nordland gjorde dette. Dei investerte i båsar, og dei seier det var ei lita investering som gav ein betre kvardag til den enkelte elev.

Er ikkje trivselen til kvar enkelt elev viktig for både skulemiljøet og elevane si læring? Å setje inn båsar hadde vore til hjelp for meg då eg var ti år gammal og gjorde alt for å unngå gym.
For eg hadde det svart på kvitt. At det var eg som var den styggaste jenta naken.

Publisert: