Meir internasjonal handel, takk!

Frihandel vil føra til ei friare verd.

LITEN TRU: Proteksjonisme og nasjonalisme har ikkje ført til ei betre verd før, og vil neppe gjera det no, skriv stortingsrepresentant Terje Breivik (V).
  • Nestleiar i Venstre og parlamentarisk leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det går kaldt nedover ryggen på nokon kvar når Trump utbasunerer at «framtida tilhøyrer patriotar». Når han åtvarar mot ein «globalisme som har fått tidlegare leiarar til å ignorera nasjonale interesser.»

Det blæs ein proteksjonistisk vind over fleire land og vi treng ikkje dra lenger enn til kaoset i Storbritannia med brexit for å sjå klare teikn på aukande nasjonalisme og proteksjonisme.

Vi har regjeringar i Brasil, Italia, Ungarn og Polen, som alle forfektar nasjonalistiske «verdiar» som ein av kjernesakene deira. Proteksjonisme og nasjonalisme har ikkje ført til ei betre verd før, og vil neppe gjera det no.

Difor er grunnleggande liberale verdiar meir aktuelle enn på lenge. For å vareta interessene i ulike land, treng ein gode fellesskapsløysingar. Grenselause utfordringar krev grenselause svar. Vi treng meir internasjonalt samarbeid, ikkje mindre. Vi treng meir handel mellom land, ikkje mindre. Internasjonal handel og samkvem bidreg til fred, stabilitet og økonomisk vekst.

Europa med samarbeidet gjennom EU og EØS, er eit av dei fremste døma på at internasjonal handel og samarbeid bidreg til fred, stabilitet og økonomisk vekst. Det fanst nok av folk som meinte EU ikkje fortente Nobels fredspris i 2012. Vi meinte då, og meiner framleis, at desse motrøystene tok feil.

Les også

– Våpenkvile i handelskrigen mellom USA og Kina

Sidan skipinga av Den europeiske kol og stålunionen på byrjinga av 1950-talet har det som seinare skulle bli dagens EU bidrege til fred, forsoning og styrking av menneskerettane i Europa. Europa med EU står for gode, liberale verdiar. Ei viktig røyst mot proteksjonisme og nasjonalisme.

Samarbeid gjer oss betre, og trass i dei proteksjonistiske gufsa som bles over deler av verda, blir allereie inngåtte handelsavtalar fornya og nye avtalar blir underskrivne. Internasjonal handel gir land med komparative fortrinn fordelen av å få produsera det dei har best føresetnadar for og er best på.

Deretter handlar ein med kvarandre. Det gjer eksport og import av kunnskap, varer og tenester. Det gjev konkurranse som gjer at vi speler kvarandre gode, vert kjende med kvarandre og knyter band, på tvers av landegrensene. På tvers av kulturar.

Frihandel gjer verda rikare og tryggare. Det bidreg til auka toleranse og forståing og hjelper folk ut av fattigdom. Berekningar gjort av Verdshandelsorganisasjonens (WTO) viser at meir frihandel vil føra til ei friare verd der fattige land veks to-tre gonger raskare enn vestlege land. Gapet og urettferda blir mindre.

Les også

Afrika må fri seg frå bistandspengar

Framleis lever éin milliard menneske i absolutt fattigdom. Talet på fattige har blitt kraftig redusert dei siste tiåra, men det er framleis ei svimlande mengde. Vi har eit felles ansvar for å løysa desse problema. Alle fortener ei fridomsreform der dei får høve til å leva liva sine slik dei sjølv ønskjer.

Frihandel bidreg til auka likestilling fordi fleire kvinner kjem i arbeid. Auka velstand gjev økonomisk fridom og sjølvstende for einskildmennesket. Det gjev individet mogelegheiter til å forma sitt eige liv. Det er grunnleggande i eit liberalt samfunn der vi jobbar for fridom for individet, men med ansvar for kvarandre.

Lågare tollbarrierar og meir handel kan bidra til å hjelpa endå fleire ut av fattigdom. Verda har bruk for økonomisk vekst. Først og fremst av omsyn til fattige menneske. I den vestlege verda finst det gode argument for at vi har meir enn nok, bør dela meir av rikdommen vår og tenkja nytt om forbruk. Vi bør tenkja grønare, meir ombruk og meir sirkulærøkonomi.

Som eit liberalt parti meiner Venstre global handel er bra. Vi har tillit til at alle kan bidra med noko i ein internasjonal arbeidsdeling, fordi nokon har betre føresetnader til å levera enkelte produkt enn andre.

Fordi vi ønskjer å løfta folk ut av fattigdom og gi dei fridomen til å leva eit liv der dei kan ta frie, sjølvstendige val. Fordi vi meiner handel mellom land bidreg til å bryta ned barrierar og auka forståinga og toleransen mellom ulike kulturar.

Publisert: