Glasskår regna over Eli Karin. Ho overlevde Bergens største eksplosjon.

For 75 år sidan vart 7000 barn evakuerte frå Bergen. For Eli Karin blei redninga å kome til ein familie i Sunnfjord.

OVERLEVDE EKSPLOSJONEN I VÅGEN: Då Eli Karin Eustice var fire år tok eksplosjonen i Vågen heimen hennar og alt familien eigde. Ein familie i Førde vart redninga.
Publisert: Publisert:

Flammane sto meir enn 40 meter opp. I leilegheita ved Nykirken på Nordnes såg fire år gamle Eli Karin at mora stira ut vindauget.

Frå tredje etasje i det gamle trehuset i sjøkanten, hadde Olufine Lunde utsikt rett på Vågen, til brannen på skuta ved Festningskaien.

Mora handla raskt, denne morgonen. Ho kledde på Eli Karin og søstera Liv på åtte år så kjapt ho kunne, men fekk berre kjolen halvvegs over hovudet på minstedottera før dei kunne høyre eksplosjonen. Trykkbølgja slo gjennom vindauga og smadra heimen. Lufta var tjukk av støv.

Eli Karin låg nedgraven i ein haug av murpuss, glas og treverk.

KRIGENS DAGAR: Over 120 tonn sprengstoff eksploderte frå skuta «Voorbode» ved Festningskaien, 20. april 1944. Øydelegginga var katastrofal.

I år er det 75 år sidan den verste eksplosjonen i Bergen gjennom tidene, og den verste enkelthendinga under andre verdskrig i Norge.

«Voorbode», eit nederlandsk fiskefartøy, var tatt i bruk av nazistane til militærtransport. Skipet var på veg til Kirkenes då motorproblem tvinga dei i hamn i Bergen.

Då kapteinen viste skipspapira i Bergen, fortalde han ikkje om lasten, over 120 tonn med sprengstoff, dynamitt, lunter og fenghetter. Alt låg lagra saman i lasterommet.

Uvitande om risikoen, gav hamneleiinga skipet lov til å ligge til kai i Vågen.

Fire dagar etter ankomst, rundt halv ni om morgonen 20. april 1944, seiv svart røyk ut frå lasterommet. Augevitner såg først at maskinisten la på sprang bort frå skipet. Så følgde to norske mekanikarar som var om bord for å reparere.

ULYKKESSKIPET: «Voorbode» i heimhavna Vlaardingen i Nederland.

Trykkbølgja reiv av taket på Håkonshallen. Som splintar frå ein granat reiv lufttrykket med seg båtdelar. Ein ankerdel flaug tre kilometer opp Sandviksfjellet. Vindauge to kilometer unna vart knuste.

Eksplosjonen skapte eit vakuum som skaut ei 100 meter høg vassøyle opp i lufta. Då vatnet fall ned igjen, skapte det ei flodbølgje som kasta både store og små båtar på land. Sjøen skylde inn over dei nedste etasjane langs heile Vågen.

Rundt 160 personar døde, dei fleste nordmenn. Over 5000 menneske vart skadde. For mange vart eksplosjonen det siste dei såg. Glasskår og splintar gjorde dei blinde.

Tusenvis av bygningar vart råka, over 200 av dei anten smadra eller så skadde at dei måtte rivast.

HÅKONSHALLEN: Hitler sin 55- årsdag skulle markerast her same dag som eksplosjonen råka Bergen.

Fire år gamle Eli Karin fekk kuttskadar i ansiktet, men ho var likevel heldig.

Handa mora instinktivt hadde halde framfor auga til dottera, tok den verste støyten. Handa fekk eit djupt kutt av glasskåra som flaug i rommet.

Trykkbølgja kasta likevel Eli Karin ut av armane til mora.

«Jeg hørte en svak pipende lyd, og begynte å grave febrilsk med bare hendene i haugen av glass, tresplinter og nedrast veggpuss. Det lyktes meg å få gravet henne ut av haugen. Hun så fæl ut og blødde akkurat som meg», skreiv Olufine Lunde sjølv.

I 1969 publiserte BT hennar vitneskildring.

«Trappen var simpelthen blåst vekk, og all tanke om å hoppe ut av tredje etasje var umulig».

Huset var i brann, det var ingen veg ut. Olufine Lunde drog med seg barna opp til loftet, der det var ei takluke. Ved hjelp av ei kasse klatra ho opp. I det ho skulle dra Eli Karin og Liv opp etter seg, kom ho på at dei ikkje var aleine i huset. To eldre kvinner budde også der.

Ungane såg på at mora hoppa inn igjen, fann kvinnene, og hjelpte dei opp til loftet. Saman løfta dei tre kvinnene Eli Karin og Liv opp på taket.

Frå takrenna på Nykirkegaarden 6, minnest Eli Karin Eustice i dag, såg Vågen ut som ei slagmark.

Eli Karin sat på armen til mor hennar, medan mora skritt for skritt balanserte bortover takrenna, fire etasjar over bakken. Storesøster Liv heldt seg i skjørtet.

Dei gjekk over til det neste huset, men fann ingen veg ned. På det neste, lengst mot Strandgaten, var husrekka slutt. Det var stopp.

Bak seg høyrde Eli Karin dei to damene i huset rope om hjelp. Dei hadde ikkje klart å kome seg opp takluka, og sat fast.

Olufine Lunde gav døtrene streng beskjed om ikkje å løfte ein fot, før ho forlét døtrene og hjelpte dei to kvinnene opp.

Då mora kom tilbake til stoppestaden, fann dei ein brannstige. Trinn for trinn gjekk dei ned, Eli Karin på armen til mora og Liv på sida. Dei kom ned ei etasje og kunne gå inn. Der var alt mørkt. Dei banka i veggane i håp om at nokon skulle høyre dei.

Dei var heldige. Nokon braut opp ein planke i veggen. Olufine Lunde smaug seg ut og drog ungane etter seg.

Eli Karin og familien vart plassert på ein lastebil med såra som skulle til sjukehus. Lasteplanet var fullt av blod.

«Min eneste tanke da jeg lå på lastebilen på vei til sykehuset var dette: Jeg må ikke dø før barna kommer i trygge hender og under legebehandling», skreiv Olufine Lunde.

Barna var alt farlause. Fyrbøtar Emil Sigfred Lunde hadde døydd då D/S «Arcturus» vart torpedert i Nordsjøen i 1939.

Enka og dei to barna kom til reservesjukehuset på Fridalen skole. Då legen kom, svima Olufine Lunde av.

75 år etter infernoet, går Eli Karin Eustice fram og tilbake på kaia.

Ho ser seg godt rundt. Her stod det gamle trehuset, rett nedanfor Nykirken. Kyrkja var alvorleg skadd etter sprengingsulykka. Berre eit skal stod igjen. Ei kyrkjeklokke fall ned på gata.

– Her er det ikkje til å kjenne igjen, seier 80-åringen.

Tomta er den einaste i den gamle Nykirkegården der det ikkje er vorte bygd på nytt. Ein seglbåt som tilbyr turar til turistar ligg ved sjøkanten. Trehusa som var rundt, er bytta ut med murblokker.

Naud, husmangel og ei kjensle av ikkje å vere trygg, førte til at tusenvis av barn blei sendt ut frå Bergen i løpet av 1944, det verste krigsåret i Bergen.

Bygdefolk opna heimane sine, feriekoloniar vart skipa. Arbeidet gjekk under namnet «Barnehjelpen». Evakuering var krevjande i ei tid der mat, pengar og drivstoff var mangelvare.

Fleire foreldre sende barna til slektningar på landet.

Bergens Menighetspleie og Bergens Røde Kors Barnehjelp tok ansvar for dei som ikkje kom seg ut på eiga hand. Dei arrangerte reise og husly til Eli Karin, søstera Liv og over 4200 andre barn den første sommaren etter ulykka.

Dei fleste av dei evakuerte kom heim att til skulestart hausten 1944. Nokre vart verande til slutten av krigen.

STØVSKY: Lufta var full av røyk og støv etter eksplosjonen.

Huset og alt familien Lunde åtte brann opp. På grunn av kuttskadane i ansiktet, måtte Eli Karin gjennom fleire operasjonar. Tilstanden til mora var alvorleg. Ho låg an til å måtte amputere den skadde armen.

Då barna vart utskrivne frå sjukehuset, fekk dei nye kle. Liv nekta å ta imot kjolen ho fekk. Kjolen hadde same farge som dei tyske uniformene.

Jentene måtte ut av byen. Eli Karin visste ikkje kor dei skulle, og syntest det var ekkelt å forlate mora, som framleis var innlagd på sjukehuset.

Sjølv om barna isolert sett var tryggare utfor byen, var det å reise vekk frå foreldra vanskeleg for mange. Når små barn blei sendt frå foreldra i ein krigssituasjon, konkluderte mange av dei med at foreldra ikkje lengre var glade i dei, ifølgje britisk forsking.

Heldigvis hadde Eli Karin søstera. Saman vart dei sendt med båt til Førde.

Liv fekk bu med presten i bygda, Eli Karin med ein familie eit stykke lenger nede i vegen. Loftet på prestegarden lukta av eple. I kjellaren bakte dei lefser og brød.

SLØKKING: Rosenkrantztårnet og bygninga til hamnekontoret sett frå Slottsgaten, under sløkkingsarbeidet etter ulykka.

Jentene sakna mora si støtt, men gjekk ikkje svoltne. Det skumlaste Eli Karin opplevde, slik ho hugsar det i dag, var å stå skulerett og tilstå for vertsforeldra. Med ei venninne hadde ho hadde stole egg frå hønsehuset og laga eggedosis.

Olufine Lunde vart utskriven frå sjukehuset med begge armane intakt. Ho kom til Førde og budde med jentene ei stund. Så måtte ho tilbake til Bergen for å finne ein ny heim til seg og barna.

Liv vart med ho for å byrje på skule. Eli Karin vart sendt til ein ny vertsfamilie i mellomtida.

Med merkelapp om halsen sov ho heile båtturen til sin nye vertsfamilie på Sandane i Nordfjord. Om bord på skipet var det fleire barn som ho. På Sandane kom ho til eit barnelaust par, der ho fekk sitt første møte med telefonen.

I det neste minnet er ho på ny om bord i ein båt. Denne gongen i retning Bergen.

EVAKUERT: Eli Karin og Liv på prestegarden i Førde.

Skulane ville ha dei evakuerte barna heim igjen til hausten. Barnehjelpen meinte det var for tidleg. Dei heldt på beredskapen, i tilfelle det igjen skulle verte naudsynt å sende barn ut av byen.

For Bergens del vart 1944 det verste krigsåret. Den hausten bomba britane Laksevåg. Over 1400 bomber regna over bydelen, der målet var ubåtbunkeren Bruno. Berre eit fåtal traff bunkeren. 61 barn kom aldri heim frå Holen skole. Til saman vart 193 sivile drepne.

Veker seinare prøvde britane igjen å få has på ubåtbunkeren. Dei trefte i staden busetnaden mellom Nøstet og Engen. 43 menneske vart drepne.

Det var ikkje trygt for barn i Bergen. Igjen sette Menighetspleien og Røde Kors Barnehjelp i gang evakuering.

Frå eksplosjonen i april 1944 til sommaren 1945, vart mellom 7000 og 8000 bergensbarn evakuerte, i ein by med rundt 100.000 innbyggarar. Fleire vart sendt vidare til Sverige, også etter freden.

I august 1944 kom Eli Karin heim. Ho hadde fylt fem mens ho var i Sunnfjord. Olufine Lunde og Liv hadde allereie flytta inn i ei ny leilegheit, eigd av ein kollega til den avdøde faren i Det Bergenske Dampskibsselskab.

Då ho såg mora og søstera frå landgangen, byrja ho å grine.

I bustaden på Mathismarken måtte dei fleire gongar i vaskekjellaren når flyalarmen gjekk. Barna song så dei ikkje skulle verte redde. Dei la seg fleire gongar fullt påkledd, og bad til Gud kvar kveld om at byen ikkje skulle verte bomba.

Trass krigen var ikkje Eli Karin redd for sprell. Ein dag sneik ho saman med ei venninne seg bort til ein vegg i nærleiken av huset. Dei såg seg godt om, og rissa inn ein «H» med eit sjutal i, monogrammet til kongen.

– Det visste vi at tyskarane ikkje likte.

Eli Karin Eustice ler.

HER ER VI IGJEN: «Allting har en ende», skreiv BT i august 1944, då dei såkalte feriebarna kom tilbake til Bergen. Fem år gamle Eli Karin og mora Olufine nedst til høgre.

I sommar fylte ho 80 år.

Heime på Sotra mimrar ho seg gjennom foto av seg sjølv, familien og barn ho leikte med som evakuert.

– Eg hadde ein god barndom. Trass alt det vanskelege som skjedde, seier ho.

I august 1944 fortalde Bergens Tidende om heimkomne barn. «Her er vi igjen!», var overskrifta.

Fleire bilete er sett saman. På eitt av dei, nedst til høgre, gret Eli Karin, medan mora trøysta henne.

«Allting har en ende. Så også de glade feriedager», fortalde den då nazist-kontrollerte avisa.

– Eg grein og grein og grein, seier Eli Karin Eustice.

– Kva kjenner du når du ser på biletet?

– Det same som eg følte då, på saknet eg hadde etter mor mi. Eg tenker på kor vanskeleg det var for ho å oppdra to barn med alt som skjedde.

– Det er mange år sidan. Men eg saknar ho framleis.

Kjelder: Bergen byarkiv: «Bestefar trodde det var dommedag». Eksplosjonsulykken i Bergen 20. april 1944, Nordnesrepublikken.no, Bergen byleksikon, Store norske leksikon, Anne Brit Vihovde: «Et femtiårsminne».

Publisert: