Det siste sporet etter Tom

Ein fotograf såg tilfeldigvis den vesle skøyta utpå fjorden. Det er siste livsteiknet etter den erfarne skipparen Tom Fagerland (58).

Publisert: Publisert:

Torsdag 2. november glei ei lita skøyte med olja skrog og kvitt styrehus gjennom Granesundet i Askvoll. Klokka var kvart på to, og strålane frå vintersola blenkte mellom små krusingar av bølgjer.

Båten senka farten forbi ein lastebåt, passerte eit oppdrettsanlegg og heldt fram sørover, ut fjorden.

Situasjonen var klassisk: Ei gammal skøyte i ein vestlandsk fjord. Om bord var ein einsleg skippar, ein velkjend karakter i heimbygda. Ein tørrlagd sjømann, ein som hjelpte eldre naboar med gjeremål, aldri for pengar, men gjerne i byte mot middag.

Ein fotograf foreviga det heile, uvitande om at bileta han tok truleg er dei siste av båten og mannen som sporlaust forvant.

SISTE LIVSTEIKN: Dette biletet er tatt i Askvoll, og viser skøyta Tom Fagerland kjøpte i Bremanger dagen før.

For etter dette er spora usikre. Kva skjedde eigentleg med treskøyta og den 58 år gamle sjøulken Tom Fagerland?

Sjøen var ein naturleg del av oppveksten til Fagerland på Stord. I sitt vaksne liv utdanna han seg til navigatør, skipper og overstyrmann. Han hadde farleisbevis langs heile kysten – og kunne derfor føre båtar under 150 meter utan los.

Til sjøs bygde han modellbåtar i lugaren sin. I friperiodane restaurerte han gamle skøyter.

VERKSTADEN: Bilete av Fagerland er tatt i 2014. Den tørrlagde skipperen grua seg aldri for å ta i eit tak, og hjelpe dei som hjelpast kunne.

Inntil han forsvann.

På novembers første dag stod Fagerland i ei busslomme på brygga i Leirvik.

Den erfarne skipperen var kledd i mørkrutete skjorte, mørke jeans og sikspens. Det blåste friskt frå vest, men for første gang på fleire dagar var det opplett.

Kvelden før hadde han sendt ei melding til kameraten Håkon Grov (80):

«I morgon Håkon, reiser eg nordpå for å hente ein båt. Det er motoren eg er interessert i». Båten hadde Fagerland funne på Finn.

Kystbussen svingte inn på busstasjonen. Dei tatoverte, ru arbeidshendene tok etter tre baggar. På slaget tolv trilla bussen mot Bergen.

STARTEN: 1. november går Fagerland på kystbussen i Leirvik i retning Bergen. Derfrå tek han hurtigbåt til Smørhamn, Bremanger.

Kva han gjorde dei to timane han hadde i Bergen, er uvisst, men Fagerland reiste vidare med ekspressbåten til Nordfjord på ettermiddagen. Han betalte 780 kroner for billetten til Smørhamn i Bremanger.

Halv ni la båten til kai i Smørhamn. Der blei Fagerland plukka opp av seljaren av treskøyta, 21 år gamle Thomas Lawerman.

– Han var ikkje akkurat vanskeleg å få auge på. Han såg ut som ein vaskeekte sjømann. Då han steig av båten, tenkte eg: «Dette må vere mannen som er interessert i skøyta mi», seier Lawerman.

På bilturen til Kalvåg snakka dei laust og fast om båt. Skøyta «Fram», M-97-S frå 1942, er eigentleg frå Bergen. Men etter mange år utan at motoren starta, selde eigaren skuta til den unge mekanikaren Lawerman frå Kalvåg. Det tok han ein halv dag med verktøykassa før motoren gjekk som ei klokke. Sidan brukte Lawerman båten i eit år, og førte skuta over 400 nautiske mil.

HENTA: Seljaren av båten, 21 år gamle Thomas Lawerman, plukka Fagerland opp på Smørhamn klokka 20.20 1. november.

– Eg fortalde om ting og tang som er greitt å vite når du – som ukjend med båten – skal ut på ei ganske lang reise aleine, fortel han.

Bekmørket hadde senka seg over Kalvåg for fleire timar sidan. Butikkane var for lengst stengde. Lawerman spurde Fagerland om han ønskte å bestille eit rom på overnattingsstaden Knutholmen. Sjømannen takka nei. Han skulle liggje i båten.

– Det er ikkje noko varme i båten. Heller ikkje straumuttak til mobilladar, sa den unge mekanikaren.

– Det gjer ikkje noko, svarte Fagerland.

Omvisinga i båten gjekk radig. Båten var tom for utstyr, men mekanikaren hadde spikra opp eit lite bord framme i baugen. Ei grøn luftmadrass låg fint bretta saman i eit hjørne.

TIL KAI: Fagerland overnatta natt til 2. november i båten «Fram», liggjande til kai ved fiskemottaket Brødrene Larsen.

Dei utstyrte båten med anker og to fenderar. Tauverk var det rikeleg av. Olja blei peila, vasstanden på kjølevæska sjekka. Motoren, ein 1967-modell Marna M4 dieselmotor frå Mandals motorfabrikk, blei sett i gang. Dei to mennene la ut på ei testrunde i vågen.

Etterpå fortøydde dei båten ved Brødrene Larsen i Kalvåg. Fagerland skulle fylle diesel. Dei to mennene sa god natt i titida.

– Hallo?

Morgonen etter durte det i fasttelefonen på kontoret til Hydraulikk og Motor.

Jan-Ove Steinset, medeigar av verkstaden ytst i Kalvåg, hadde ikkje vore mange minutt på arbeid då telefonen ringde. Mannen i andre enden forklarte at han trong eit batteri – han hadde brukt for mykje straum gjennom natta, og fekk ikkje start på sitt eige.

Mannen låg til kai berre nokre hundre meter frå Steinset.

– Det var ikkje lange biten for meg å svinge innom med batteriet.

NYTT BATTERI: Etter ei natt i båten, fekk ikkje Fagerland start på batteriet, og måtte kjøpte nytt. – At eg er ein av dei siste han prata med er jo heilt tilfeldig, men det er trasig når folk berre forsvinn, seier Jan-Ove Steinset.

Steinset hjelpte mannen under dekk med batteriet, og tok med seg det gamle. Koplinga stod skipperen for sjølv. Summen på 2800 kroner blei betalt kontant. I nokre minutt blei dei to jamaldrande mennene blei ståande og prate.

– Han fortalde han berre var her for å hente båten. No skulle han heim til Stord. Han understreka at det var motoren i båten han var ute etter. Den passa visstnok godt i båten han restaurerte heime.

Same morgon – 15 kilometer lengre nord – hadde Roy Magne Værø frå Hauge i Bremanger levert ungane på skulen. Han la ut med den vesle sjarken i retning Kalvåg. Sola skein, vinden kom friskt frå nordaust.

Treskøyta «Fram» låg framleis til kai ved dieselpumpa. Fagerland hadde lagt seg slik at han sperra for pumpa, men Værø var ikkje verre på det enn at han la sin eigen båt utanpå «Fram».

Sidan Værø mista jobben i oljebransjen, har han helst brukt dagane på sjøen. Storfangst leverer han gjerne til fiskemottaket i Kalvåg.

– Så lenge det dekkjer dieselforbruket, er eg nøgd, seier hobbyfiskaren.

FYLTE DIESEL: Roy Magne Værø er ein av dei siste som snakka med Fagerland til kai i Kalvåg.

– Treskøyta var ikkje all verda til båt. Då eg steig om bord, såg eg at han hadde ei livbøye om bord. Eg tenkte «ja, ja, mannen har no i alle fall redningsutstyr», seier Værø.

Dei kom i prat om utsiglinga frå Kalvåg. Fagerland fortalde hobbyfiskaren at han skulle sørover. Han spurde om vindretningar om tilhøva på sjøen.

– Det var tydeleg at han ikkje var kjend, men at han var ein driven skipper.

Det ringjer skingrande i dørklokka når kundane kjem inn i butikken til fiskemottaket Brødrene Larsen.

To tyskarar, på jakt etter laks eller aure, må snu tomhendt. I dag var det berre kvit fisk og kamskjel i fiskedisken til Marianne Røys.

– Ferskare fisk enn den som ligg her, får ein nesten ikkje tak i. Vi gjer alt, frå mottak, slakt og pakking, smiler ho breitt.

BRØDRENE LARSEN: Marianne Røys og Nerijus Spetas hugsar godt den gamle treskøyta som låg til kai ved fiskemottaket.

Dei tilsette på fiskemottaket merka seg skuta som låg til kai den novembermorgonen.

– Gammal mann og gammal skøyte. Eg tenkte ikkje så mykje over det, der og då. Men eg merka meg at han blei ståande ei stund på kaia, han småprata med nokre fiskarar. Han hadde framleis ikkje reist då vi tok kaffipause i halv titida, seier Nerijus Spetas.

KVELDEN FØR: Fagerland skal ha fylt 85 liter diesel kvelden før han la frå kai frå Kalvåg mot Stord. Skipperen brukte vanlegvis berre kontantar, og brukte eit par forsøk på å få til dieselpumpa til Brødrene Larsen.

Johnny England er skipper på M/F «Nordfjord», ferja mellom Askvoll og Værlandet. I halv totida hadde han ein kort pause. Vêret var godt denne torsdagen, sol og frisk bris. Blikket glei over Granesundet, men stoppa ved oppdrettsanlegget. Ein båt skilde seg ut. Ei noko sliten skøyte med ei mast var på veg sørover.

På andre sida av sundet, på Follevågveien, hadde Trond Asperheim akkurat parkert bilen. Han opna bildøra. Schæferen Hero hoppa ut av bilen. Medan hunden snuste rundt, var det noko i fjorden som fanga Asperheims interesse.

Gjennom kikkerten såg han den ribba skøyta, utan så mykje som ei blåse hengande på rekka. Han tenkte: «Ein som har kjøpt seg eit rehabiliteringsprosjekt».

Frakteskipet MV «Eidsvaag Pioner» passerte trebåten på veg nordover. Den fotointeresserte askvollingen heva kameraet.

«SAKNA»: Frakteskipet MV Eidsvaag Pioner passerer trebåten på veg nordover. Mellom 2007 og 2016 har sjøfartsdirektoratet berre registrert 11 som er «sakna» som antatt omkome. Tala skil ikkje mellom norske eller utanlandske fartøy, eller om ulykka skjedde i norsk farvatn.

Klikk.

Han var litt for sein. Treskøyta forsvann bak styrehuset på frakteskipet. To sekund seinare var trebåten tilbake i skotlinja.

Klikk.

Klikk.

Gjennom telelinsa skimta han ein skikkelse inne i styrehuset. Så gjekk båten bak grantrea.

Samstundes, klokka 13.40, la ferja M/F «Davik» frå kai i Askvoll. Skippar Erling Endestad, åleine på brua, satte kurs for Atløy. På styrbord side passerte han treskøyta, men skipparen la ikkje vidare merke til ho. Det var berre ein gammal båt.

DET SISTE BILETE: Hobbyfotograf Trond Asperheim tok truleg det aller siste bilete av treskøyta i Granesundet i Askvoll klokka 13.45 torsdag 2. november.

Imens hadde fotoentusiasten Asperheim kome seg tilbake i bilen, vridd nøkkelen til høgre og køyrt. Over Sauesund laga den hengande haustsola eit spesielt lys i gull og sølv i sjøen. Asperheim stansa bilen og løfta fotoapparatet.

Klikk. Klikk.

Det nest siste biletet av dei 13 han tok, viser MF «Davik» på veg til Atløy, og Tom Fagerland si skute på veg sørover. Han følgde båten ei stund med kikkerten, men ikkje lenge nok til å sjå om den tok hoved- eller småbåtleia.

Frå første til siste bilete gjekk det 8 minutt og 50 sekund.

Han køyrde heim, og la bileta inn på datamaskina. Ei knapp veke seinare skvatt han då han såg at trebåten var etterlyst langs heile kysten.

Ved eit reint tilfelle blei biletserien av treskøyta og fotografen frå Askvoll politiets viktigaste vitne og bevis i eit mysterium av ei etterforsking.

På parolen på politistasjonen i Leirvik onsdag 8. november fekk etterforskar Egil Espeland overlevert ei bekymringsmelding operasjonssentralen i Stavanger hadde tatt imot kvelden før.

Ein mann hadde ringt inn og sagt at han var bekymra for ein kamerat. Ein Tom Fagerland hadde fem dagar tidlegare lagt ut på ein båttur frå Kalvåg til Stord. No var vennen bekymra. Fagerland var sporlaust forsvunne.

– Eg tenkte umiddelbart at vi var altfor seint ute. No var ikkje tida inne for å tvinne tommeltottar, seier Espeland.

Hovudredningssentralen blei kopla på. Eit stort etterretningsarbeid starta, og redningssentralen på Sola henta inn ekstra bemanning. Alle båtar med AIS-sendar som bevegde seg i langs kysten i dagane etter Fagerland la frå kai, fekk melding. Har nokon sett noko?

– Plottingsarbeid for kvar båten sist var sett blei sett i gang. Vi visste ikkje kor redningsarbeidet skulle setjast inn, seier redningsinspektør Ståle Jamtli.

 SER BORT FRÅ SHETLAND: Etterforskar Egil Espeland, ved Stord lensmannskontor, seier dei ikkje trur Fagerland har reist til Shetland. – Alt tydar på at han skulle heim.

Familien blei kontakta, søk sett i gong. Politiet avhøyrde alle som kunne ha vore i kontakt med Fagerland. Opplysningar om båt, diesel og kommunikasjonsutstyr blei henta inn. Kunne Fagerland ha reist til Shetland? Kunne han ha funne på å køyre gjennom den bekmørke natta?

– Vi etterlyste først berre båten. Tom’en er jo ein vaksen mann. Dersom du har lyst å ta deg ein tur utan å seie ifrå, har du lov til det, seier etterforskaren.

Politiet meiner Fagerland hadde 60 liter diesel på tanken, og 85 liter ekstra drivstoff lagra på to raude og to kvite tankar. I marsjfart ville det halde i 24 timar, før han måtte fylle på nytt.

– Det er ingenting som tilseier at båten ikkje var sjødyktig, eller at det var noko i vegen med helsa til Fagerland. Vi visste rett og slett ikkje kvar båt og mann blei av.

Politiet forsøkte å spore mobilen til den sporlaust sakna. Siste mottatte tekstmelding blei sendt klokka 11.57.55, torsdag 2. november, via ein basestasjon i Florø. Meldinga var frå ei venninne i Haugesund. Ho hadde svart Fagerland på ei melding frå dagen før. Rett etter meldinga var tatt imot, gjekk mobilen hans tom for straum.

Så kom bileta frå Askvoll.

– Vi sat likevel igjen med eit svært stort søkjeområde, frå Askvoll i nord til Stord i sør. Det var vore brukt enormt mykje ressursar på søk. Både innanskjærs og utanskjærs, seier Jamtli.

Eit døgn etter at saknameldinga kom inn, lettar redningshelikopteret frå Florø. Redningsskøyter frå Florø, Hjellestad, Bergen og Stord var allereie i gang. Skip frå Kystvakta og Haakonsvern deltok og.

LIVBØYE: Politiet seier dei har ingen grunn til at det skulle vere noko gale med skøyta, men var redd båten kunne ha for lite redningsutstyr om bord. Det var heller ikkje radio eller GSP om bord i båten.

Fredag blei søket trappa opp. Fly frå Kystverket og Norsk Aero Klubb, Sea King-helikopter og fleire lokale Røde kors-båtar deltok. Alle båtar i området blei oppmoda om å søke undervegs.

– Det var ein svært krevjande aksjon. I tillegg sit du med kjensla av at du heile vegen er for langt bakpå, seier Jamtli.

– Han sa han skulle rett heim.

Kameraten Håkon Grov (80) hadde kontakt med Fagerland fleire gonger i veka, også når Fagerland var til sjøs på frakteskip mellom Bergen og Mo i Rana.

Det er no over fire veker sidan det siste sporet etter Fagerland.

80-åringen trekk jakka tettare kring seg, det har ikkje stått varme på i dei kalde lokala til venelaget for Stord Maritime Museum.

SAKNAR KAMERATEN: «Tom’en» var ein sjølvskriven gjest hos venelaget for Stord Maritime Museum. – Det er ikkje det same utan han, seier Ole Yttredal og Håkon Grov.

– Tom’en hadde nettopp kome heim etter fire veker på sjøen. Han hadde mykje han skulle gjere, sa han, og hadde ikkje tid til noko tull. Han hadde skog som skulle rydjast og kløyvast, seier Grov.

«Tom’en er Tom’en». Ein tidlegare villmann, raus og som aldri kvidde seg for å ta i eit tak. Han rydja skog, kløyvde plank, måla husa til dei som var blitt for gamle til å gjere det sjølve, eller laga modellbåtar til museet.

Betaling skulle han ikkje ha, men ein middag eller ein donasjon til Stord Maritime Museum sat han pris på.

MODELLAR: Fagerland var ein meister med hendene. Heile slekta har teke imot heimelaga modellbåtar i alle former og størrelsar. Denne står på Stord Maritime Museum.

– Det er ikkje noko hemmelegheit at bygda kjende Tom’en som ein sjømann som likte å ta seg ein fest. Men sidan 2010 han har vore tørrlagt. Vi har alle høyrt rykta om at han kunne ha tatt seg ein tur til Shetland, men det er ikkje tale om at han hadde reist utan å seie frå, seier Grov.

Kvar tysdag møtes dugnadsgjengen på museet. I dag er det berre Grov, Henry Eivind Berg og Ole Yttredal som sitt rundt bordet med plastduk med motiv av gamle båtar.

– Det har ikkje vore det same etter at Tom’en forsvann. Når han var heime frå sjøen, var han fast gjest her. Han hadde ofte med seg ei stong wienerbrød og nokre posar kaffi, seier Yttredal.

– Håpet svinn frå oss. Sakte, men sikkert. Vi saknar han, han var ein humørspreiar av rang. Når skal ein eigentleg gi opp? Når skal ein halde minnestund? spør han.

Samstundes som politiet og hovudredningssentralen leitar etter Fagerland, sette familien i gang ei parallell etterforsking.

Fagerland stifta aldri noko eigen familie, men har ein stor søskenflokk. Familien ringde oppdrettsanlegg langs kysten, var i kontakt med politiet, sjekka bruene langs skipsleia og ringde lokale hummarfiskarar.

DET SISTE ARBEIDET: Saga og traktoren står framleis på Leirvik slik han forlèt ho.

– Denne veka skulle han vore tilbake på arbeid, seier den fem år eldre broren, John Fagerland.

I handa knuger han eit kart over Solund og Gulen. På kartet er det teikna ned blå og raude kulepunkt, som markerer kvar det siste bilete blei tatt og dei alternative reiserutene. John Fagerland har framleis håp om at Tom til slutt skal bli funne.

Søket etter den sakna broren blei offisielt avslutta søndag 12. november. Då bestemte politimeisteren i Sør-Vest politidistrikt, saman med fylkeslege og redningssentralen, at redningsaksjonen skulle gå over til ei sakna-sak.

Det var ingen fleire spor å gå etter. Heile området var gjennomsøkt.

SAKNAR EIN BROR: – Vi kan ikkje miste håpet om at nokon skal finne noko, seier storebror John Fagerland.

Att står familien i uvisse. Politiet etterforskar framleis saka, med status «søk etter antatt omkomen».

– Tom gjekk og venta på eit sagblad, for å fullføre rydjinga av noko skog. I førre veke kom det i posten, men pakken blei sendt i retur.

Begge brørne valde ei karriere på båt. John som skipsbyggjar, Tom som skipper.

– Eg trur dessverre noko har gått gale, og båten har sokke til botn. Og at Tom ikkje hadde på seg livsdrakta. Men ...

Broren dreg på det.

– Alt vi ønskjer er eit svar.

Publisert: